Hjem
Studentsider
Masteremne

Språkleg særemne

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Målet med emnet er ei fordjuping i ei språkleg problemstilling som kan vera henta t.d. frå fransk fonologi, syntaks, semantikk, leksikologi, tekstlingvistikk eller sosiolingvistikk.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

  • Etter fullført språkleg emne har studenten god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan dette feltet.

Dugleik

  • Etter fullført emne er studenten i stand til å gje undervisning og drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar.

Generell kompetanse

  • Ved fullført emne har studenten overblikk over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar.
  • Studenten kan planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid.
  • Han/ho kan sjølvstendig halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

 Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for FRAN307L redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN307.

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanning med master i framandspråk ved Det humanistiske fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gjeve 2 timar førelesningar/seminar per veka i om lag 8 - 10 veker.

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som leggjer til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 For å ta eksamen i emnet, skal studentane i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

 Ei tre vekers skriftleg oppgåve med oppgitt tema på om lag 2500 ord.

Studentane vil få tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum i språkleg fordjuping er på om lag 120 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    07.12.2022, 12:00
    Trekkfrist
    23.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen