Hjem

Utdanning

Masteremne

Litterært særemne

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Siktemålet for emnet er å undersøkje ei gitt ei litterær problemstilling som kan vera knytt til ein sjanger, ein periode, eit forfattarskap, eit litteraturvitskapleg grunnlagsproblem eller liknande.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god innsikt i problemstillingar knytte til litteraturen og litteraturteorien som er blitt gjennomgått
  • har kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet

Dugleik

Studenten

  • er i stand til å gjere greie for temaet emnet omhandlar
  • kan driva forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar

Generell kompetanse

Studenten

  • har oversyn over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling, leite fram relevant bakgrunnsmateriale og presentere resultat frå dette arbeidet i akademisk form
  • kan planleggja og gjennomføra rettleia arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert uttellinga i studiepeong for FRAN308L redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN308 eller litterært særemne FRAN303/304.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på lektorutdanning med master i framandspråk ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i seminarform, om lag 8 dobbelttimar i semesteret. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet, til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller eit meir individuelt tilpassa undervisningsopplegg . Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å ta eksamen i emnet, skal studentane i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

I samband med eksamen skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Ei tre vekers skriftleg rettleid oppgåve med oppgitt tema på om lag 2500 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum i litterær fordjuping er samansett av ein litterær del (2-4 litterære verk), og ein teoretisk del (om lag 75 sider).

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    12.06.2019, 13:00
    Trekkfrist
    08.05.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen