Hjem
Utdanning
Masteremne

Fransk litteraturvitskap

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen og Trondheim 

Mål og innhald

Eitt til to franske litterære verk blir studert i fleire ulike perspektiv, til dømes: tematisk, retorisk, forteljarteknisk, litteraturhistorisk. Dette kan også innebere å studere verket/verka gjennom adaptasjonar, som film, teikneseriar, eller andre litterære verk basert på originalteksten(ane). Moment som tekstane sin kultur- og litteraturhistoriske kontekst, idéinnhald og sjangermessige tilhøyrsle vil stå sentralt. Emnet legg samstundes vekt på fagkritisk refleksjon. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har utvida kunnskap om fransk litteratur og kan bruke ulike analytiske perspektiv på litterære tekstar
  • har djupnekunnskap om eitt til to sentrale verk i fransk litteraturhistorie

Dugleik:

Studenten

  • kan diskutere forholdet mellom ulike litterære tekster på fransk, med ei kritisk tilnærming til tekstane

Generell kompetanse

Studenten

  • Meistrar akademisk framstilling på fransk munnleg og skriftleg
  • har evne til å strukturere og formulere idear klart og innsiktsfullt på fransk  

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande. 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogram i fransk og på Lektorutdanninga med master i framandspråk (fransk) ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gjeve førelesingar, seminar og gruppeundervisning i om lag 12 veker. Studentane skal sjølve delta aktivt i undervisninga, til dømes ved å leggje fram eller diskutere artiklar, eigne analysar eller anna fagstoff.

I hovudsak blir det nettbasert undervisning i samarbeid mellom UiB og NTNU. Studentane må møte i undervisningslokalet ved UiB.

Det kan også bli noko felles fjernundervisning for studentar i NORPART-masterløpet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane;

1. halde ein munnleg presentasjon på 15 minutt over ei sjølvvald problemstilling i tilknyting til pensum.

2. levere eit skriftlig arbeid på ca. 800 ord: eit resymé av ein pensumartikkel der oppbygninga av artikkelen og argumentasjonen blir vektlagt. Oppgåva skal òg innehalde ein avsluttande kritisk del som diskuterer styrkar og svakheiter i artikkelen.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter. 

Vurderingsformer

Eksamen er ei tre vekers oppgåve med oppgitt tema på om lag 3000 ord. Heile eksamen skal skrivast på fransk.

Studentane vil få tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Artikkelsamling med teoritekstar, samt ein eller to romanar og eventuelle adaptasjonar.

Artikkelsamlinga vil vere tilgjengeleg i Litteraturkiosken: litteraturkiosken.uib.no

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no


Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    10.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    05.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen