Hjem
Utdanning
Masteremne

Fransk grammatikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFRAN313L
  • Talet på semester1
  • SpråkFransk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet omhandlar fransk grammatikk, og skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

  • Studenten har kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk

Dugleik

Studenten

  • er i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk
  • er i stand til å analysere setningsstrukturar og forskjellige aspekt ved språkleg tyding.

Generell kompetanse

  • Studenten har eit grunnlag for å arbeide med moderne fransk grammatikk på ein vitskapeleg måte.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir utteljinga i studiepoeng for FRAN302, FRAN306, FRAN310, FRAN309FRAN309LFRAN311, og FRAN313 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN313L.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på lektorutdanninga i framandspråk med master i fransk ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gjeve førelesingar, seminar og gruppeundervisning i om lag 12 veker. Studentane skal sjølv delta aktivt i undervisninga, for eksempel ved å leggje fram eller diskutere eigne analysar eller anna fagstoff.

I det vesentlege blir det nettbasert undervisning i samarbeid mellom UiB og NTNU. Det kan også verte noko felles undervisning med studentar ved ENS i Yaoundé i Kamerun.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane;

1. få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk som blir gitt i samband med undervisninga.

2. delta på eit seminar om vitskapleg kjeldebruk, i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ei tre vekers heimeoppgåve på om lag 2000 ord med oppgitt tema.

Studentane vil få tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.

Oppgåva skal skrivast på fransk.

Det blir gjeve karakter A-F.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Om lag 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no