Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Studieførebuande kurs i fransk i Caen

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterSommer
  • EmnekodeFRAN600
  • Talet på semester1
  • SpråkFransk og norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN600 har eit omfang på 10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Sommar

Undervisningsstad

Office franco-norvégien d¿échanges et de coopération (OFNEC) ved Université de Caen, Normandie i Frankrike

Mål og innhald

 Emnet er etablert som et tilbod for studentar som skal ha eit utvekslingsopphald i Frankrike (til dømes gjennom Erasmus+) eller studentar som vil førebu seg til vidare gradsstudium i Frankrike. Det er likevel også ope for andre studentar ved norske universitet.

 

Kurset er delt inn i to nivå. Ein plasseringstest den første kursdagen hjelper deg med å avgjere om du har meldt deg på riktig nivå.

 

Mål:

For nivå 1 har kurset som mål å utvikle studentane sin munnlege og skriftlege kompetanse og få ei innføring i franske samfunntilhøve, slik at dei blir i stand til å kommunisere på fransk og å studere ved eit fransk universitet.

 

På nivå 2 kombinerer kurset munnlege og skriftlege øvingar baserte på aktuelle samfunnsdebattar i dagspressa, samstundes som det skal gi auka grammatiske kunnskapar.

 

Innhald:

  • Praktisk fransk, munnleg og skriftleg
  • Grammatikk
  • Fransk kultur og samfunn

Læringsutbyte

 Studentane skal ved avslutta emne ha utvikla sin munnlege og skriftlege kompetanse og fått innsikt i franske samfunnstilhøve, slik at dei blir i stand til å kommunisere på fransk og å studere ved eit fransk universitet.

 

Meir spesifikt skal studenten ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Studenten

* har betre kunnskapar om, og forståing av, fransk kultur og samfunn

* har auka innsikt i fransk grammatikk

Studenten

* har betra sine ferdigheiter i munnleg fransk

* har ei betra lytteforståing, slik at han kan få betre utbyte av førelesingar på fransk

* har betra sine skriveferdigheiter, slik at han kan skrive enkle fremstillingar og ta notat på fransk

Studenten

* har dei språklege og kulturelle ferdigheitene som er naudsynte for å kunne gjennomføre studium ved eit fransk universitet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Nivå 1 er retta mot deg som har følgjande forkunnskapar i fransk:

  • To år med fransk nivå I eller C-språk eller eitt år med B-språk fra videregåande skole
  • Fransk som tilvalgsspråk (tre år) frå grunnskolen
  • Dokumenterte kunnskapar som svarar til punkta ovanfor

Nivå 2 er retta mot deg som har følgjande forkunnskapear i fransk:

  • Eit visst grunnlag i fransk frå før, til dømes :
    • Tre år med C-språk frå vidaregåande skole
    • To år med B-språk frå vidaregåande skole
    • Dokumenterte kunnskapar som svarar til punkta ovanfor

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for FRAN600 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN100 ved Universitetet i Bergen.

Krav til studierett

 Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformer er førelesingar (30 %), gruppetimar (60%) og rettleiingstimar (10%).

Kurset er intensivt. Det vert undervist mellom 20 og 25 timar per veke i 4 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har obligatorisk oppmøte (80%).

Vurderingsformer

 I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Rettleidd heimeoppgåve (25 prosent av karaktergrunnlaget).
  • Munnleg eksamen basert på det skriftlege arbeidet (25 prosent av karaktergrunnlaget).

Oppgåve og munnleg eksamen utgjer til saman halvparten av karaktergrunnlaget.

  • Skoleeksamen i grammatikk og tekstforståing. (50 prosent av karaktergrunnlaget).

Etter ei samla vurdering av dei tre delane av den avsluttande eksamen gir ein bokstavkarakter

Karakterskala

  •  Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Jf. Universitets- og høgskolerådet: http://www.uhr.no/ressurser/temasider/karaktersystemet_1/tekst_som_beskriver_det_norske_karaktersystemet

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisningsleder ved OFNEC

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Undervisingsleiar ved OFNEC

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: evu@if.uib.no