Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fransk grammatikk 1

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor  

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning på læringsplattformen MittUiB og på ZOOM. Dette emnet finst òg som vanleg campusstudium (FRAN120) i Bergen. 

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om fransk språkstruktur, særleg innan syntaks. Det skal òg gje studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat. Emnet skal dessutan vera med på å øva opp evna hjå studentane til å uttrykkja seg på standardfransk, gjennom omsetjingsøvingar som belyser kontrastar mellom norsk og fransk.

Studiet tar opp tema som syntaktiske grunnomgrep og prinsipp, nomen, adjektiv, pronomen og preposisjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om det franske språksystemet.
  • har ei viss forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklara korleis ord og ordgrupper fungerer syntaktisk og semantisk.
  • har utvikla dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk.

Generell kompetanse

Studenten

  • har tilstrekkjeleg kompetanse til å kunne vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom emnet FRAN621 (eller FRAN121) Fransk grammatikk 2. 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for FRAN620 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN101 eller FRAN120.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Vidare.

Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til videoførelesningar, notat og diskusjonsforum på læringsplattformen MittUiB. Diskusjonsforumet kan bli felles med campusemnet FRAN120. Undervisninga vert gjeve på ZOOM og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga består hovudsakleg av oppfølging av videoundervisninga og oppgåveløysing.

I tillegg til denne undervisninga vert det organisert eit kurs kor studentane får trening i å løyse eksamensoppgåver.

Omfanget av undervisninga er omtrent 1,5 timar per veke i 8 veker. Det kan òg bli noko fellesundervisning på nett saman med campusemnet FRAN120.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga på ZOOM for å få gå opp til eksamen i emnet.

Emnet omfattar to obligatoriske øvingsoppgåver med omfang og innhald omlag som ved eksamen. Oppgåvene er obligatoriske for alle studentar på emnet, og for å få gå opp til eksamen må studenten ha levert dei obligatoriske øvingsoppgåvene innan fastsette fristar. Fristane vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet. Kvar oppgåve vert kunngjort ei veke før fristen. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 5 timars skriftleg eksamen heime der studenten skal svara på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Eksamen er normalt digital. Eksamensoppgåvene trekkjer inn store deler av pensum. Det vert gjeve teoretiske spørsmål og praktiske prøver, inkl. syntaktisk analyse.

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kilder. Det er en selvfølge at teksten som leveres er studentens egen. UiB bruker Urkund til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentbesvarelser.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum består av utdrag på rundt 160 sider frå ein større fransk grammatikk, skriven på norsk med hovudvekt på syntaks. Læreboka er skrive i eit kontrastivt perspektiv: det blir lagt stor vekt på skilnader mellom norsk og fransk for å gjera tileigninga av framandspråket lettare.

Som læremiddel brukar ein også øvingar i grammatikk som studentane kan arbeida sjølvstendig med på internett.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Oppgave utleveres
    04.03.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    04.03.2021, 14:00
    Trekkfrist
    18.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen