Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fransk kulturkunnskap og frankofoni

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeFRAN624
  • Talet på semester1
  • SpråkFransk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 poeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning på studiets læringsplattform MittUiB og på ZOOM. Dette emnet kan også tas som vanlig campusstudium: FRAN124

Mål og innhald

Emnet gir en innføring i samfunnstilhøve i Frankrike og den franskspråklege verda (la francophonie). Emnet skal øva opp studentane sin dugleik i å lesa franske tekstar og å samtala på fransk om pensumrelaterte emne.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har god kjennskap til konstitusjonelle, politiske og sosiale tilhøve i Frankrike og til den franskspråklege verda i dag

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å samtala på fransk om samfunnstilhøve i Frankrike og om franskspråklege land og område
  • har utvikla dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk og i å lesa høgt franskspråklege tekstar

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å følgja med i og kunna vurdera fransk og frankofon samfunnsdebatt ut frå dei kunnskapane ho/han har fått 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert uttellinga i studiepoeng for FRAN624 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN124, eller redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN114, FRAN115, eller FRAN103.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Vidare.

Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoar/videoførelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer på ZOOM og føresett at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmateriale. Undervisninga består av oppfølging av videoundervisninga og utdypende avisartiklar som blir diskutert.

Om lag 1 time undervisning per veke i om lag 12 veker. Undervisninga byrjar i veke 34.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga på ZOOM for å få gå opp til vurdering i emnet.

I samband med undervisninga skal ein levera for godkjenning eit skriftleg arbeid på om lag 1000 ord i fransk kulturkunnskap eller frankofoni. Ein må i tillegg få godkjent ei munnleg framføring på om lag fem minutt i den disiplinen ein ikkje leverer skriftleg oppgåve i. Frist for innlevering/framføring av oppgåver vert gjeven i byrjinga av semesteret.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.  

Vurderingsformer

Ein munnleg eksamen på fransk i fransk kulturkunnskap og frankofoni på om lag 20 minutt. Evne til å uttrykke seg munnleg på fransk og kunnskap om pensum i dei to disiplinane tel om lag like mykje for karakteren i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum består av utdrag frå Bernard, De Gunten, Martin og Niogret: Les Institutions de la France (Nathan), i tillegg til Sanaker, Holter og Skattum: La francophonie, une introduction critique (Unipub).

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no