Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagdidaktikk i fransk i lektorutdanninga 1

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haustsemesteret. Tredje semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek fransk som fag I. Femte semester for studentar som tek fransk som fag II.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som målsetjing å gje studentane ei grunnleggjande innføring i fagfeltet franskdidaktikk innan desse tre hovudområda:

- Franskfaget si legitimering og eigenart

- Språklæring

- Språk, tekst og kommunikasjon

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • ha innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • ha kunnskap om franskfaget si utvikling som skolefag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og ¿tilnærmingar

Dugleikar:

  • kan analysere styringsdokument for skolefaget
  • kan reflektere over og drøfte skolepraksis i lys av relevant fagdidaktisk teori
  • kunna uttrykkja seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet.

Generell kompetanse:

  • kunna bruka kunnskapane dei har skaffa seg i studiet av dei andre franskfaglege disiplinane i høve til fagdidaktiske spørsmål knytte til sentrale teoriar om språk, tekst, kommunikasjon og språklæring
  • Studenten kan reflektere over eiga læring i de andre faksfalige disiplinana og i fagfeltet
  • kan reflektere over og drøfte problemstillingar knytte til fransk som skolefag
  • kan beskrive og reflektere over elevar si læring

Krav til forkunnskapar

For studentar som tek fransk som fag I: PEDA 120 og KOPRA101

For studentar som tek fransk som fag II: KOPRA102

Minimum 15 studiepoeng i fransk.

Tilrådde forkunnskapar

30 studiepoeng i franskfaglege emne på 100 nivå

Krav til studierett

Studentar som er tekne opp på lektorprogrammet, og som tek fransk som fag I eller fag II.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesinger: Om lag 14 timer
Seminar: 2 timer (med obligatorisk fremlegging)

Seminar: 2 dagar for- og etterarbeid knytt til emnet KOPRA102 for studentar som tek fransk som fag I, og 2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek fransk som fag II.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit godkjent arbeid på fransk der dei analyserer eit språkfagleg spørsmål i lys av fagdidaktisk teori. Manus på fransk leverast på forhand. Nærare informasjon blir gitt i studiet.

2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek fransk som fag I.

2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek fransk som fag II.

Det er venta at studentane er til stades på det meste av undervisninga (minst 75%), og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein heimeeksamen (3 dagar) med oppgjeve emne, ca. 2500 ord. Halvparten av heimeeksamen blir skriven på norsk, den andre på fransk. Nærare informasjon blir gitt i studiet.

Hjelpemiddel til eksamen

Gjeldande læreplanverk

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer om lag 350 sider av normal vanskegrad. Institutt for framandspråk gjev forslag om spesifisert pensumliste i emnet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    13.12.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    20.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    29.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen