Hjem
Utdanning
Masteremne

Fagdidaktikk i fransk i lektorutdanninga 3

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haustsemesteret, 7. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet fransk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:

  • Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
  • Tilrettelegging for læring

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap og ferdigheiter:

Kunnskap
Studenten

- har innsikt i fransk som dannings- og dugleiksfag

- har kunnskap om språk, tekst og sjanger og kunne sjå desse i eit læringsperspektiv

Ferdigheiter
Studenten

- kan lage undervisningsopplegg der arbeidsformer og innhald er knytt til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i franskfaget

- kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

 Minimum 55 studiepoeng i fransk på 100-nivå

inkludert 5 studiepoeng fransk fagdidaktikk. 90 studiepoeng i fag I inkludert 10 studiepoeng fagdidaktikk.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanninga ved Det humanistiske fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og rettleiing.

Om lag to timar i veka i 8 veker.


Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram på fransk eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisningsopplegg og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori.

Nærare informasjon blir gitt i studiet.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ei vurderingsmappe med to tekstar på til saman om lag 2500 ord, ikkje medrekna innhaldsliste, litteratur og vedlegg.

Tekstane skal skrivast på fransk. Dei to tekstane i vurderingsmappa tel båe 50 % av samla karakter.

Vurderinga skjer på grunnlag av retningsliner for oppgåvene vert gitt i studiet.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 350 sider.

I litteraturlista ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    20.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    29.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen