Hjem

Utdanning

Masteremne

Fagdidaktikk i fransk for integrert lektorutdanning 3

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vårsemesteret, 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar med fransk som fag 1

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:

  • Strategiar for språkkompetanse
  • Tilrettelegging for fransklæring
  • Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap og ferdigheiter:

Kunnskap
Studenten

  • har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i fransk

Ferdigheiter
Studenten

  • kan undersøka og drøfta fransklæring i lys av kunnskap innanfor dei franskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentera refleksjon over dette skriftleg og munnleg
  • kan rettleia elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling, og kunna vurdera elevane sitt læringsutbytte
  • kan vurdera læremiddel og arbeidsformer i franskfaget i relasjon til læreplanen for skolefaget, og kunna grunngje val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori
  • kan uttrykkja seg munnleg og skriftleg på fransk innan fagfeltet.

Krav til forkunnskapar

100-nivå og 200-nivå i fransk som fag I; 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanninga ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt, og består av både førelesningar, seminar og rettleiing. Det vert normalt gjeve 2-4 timar undervisning i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna gå opp til eksamen må studentane

  • ha tatt aktivt del i to forumdiskusjonar på nettet der sentrale fagdidaktiske spørsmål vert drøfta i lys av eigne praksisrøynsler og språksyn.
  • ha levert eit førsteutkast til prosjektoppgåva innan ein dato som vert kunngjort ved semesterstart.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleia prosjektoppgåve på om lag 4000 ord, der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner for oppgåva vert gjevne i studiet. Prosjektoppgåva kan danna utgangspunkt for masteroppgåva.

Oppgåva vert skriven på fransk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 700 sider.

Institutt for framandspråk føreslår spesifisert pensumliste i emnet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon