Hjem
Utdanning
Masteremne

Utdanning, samfunn og digitale teknologiar 1

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFRANDIKU301
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master og PhD 

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Dette vert emnet basert på DIKULT251 «Kritiske innfallsvinklar til teknologi og samfunn med bacheloroppgåve». Emnet skal gi ei fordjuping i eit tema knytt til relasjonane mellom informasjonsteknologiar, samfunn og kultur, samt utdanning. Emnet formidlar både breie teoretiske perspektiv og fordjuping i eit konkret område. Vektlegginga av tema og val av fordjupingsområde vil kunne variere, og kan til dømes vere historisk, didaktisk/pedagogisk, kjønnskritisk, etnografisk, mediekritisk eller filosofisk.

Studentane skal utvikle evna til å reflektere kritisk omkring korleis teknologi påverkar og blir påverka av samfunnet og korleis nye kulturelle dimensjonar kjem til uttrykk. Dei skal kjenne og kunne bruke teoretiske omgrep og perspektiv på ein fruktbar måte.

Oppgåva gir trening i å anvende aktuelle teoretiske perspektiv på eit fordjupningsområde.

Det blir gitt rettleiing i reglar og normer for akademisk skriving. 

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar ...

  • om eit sentralt tema innan Digital kultur
  • om akademisk argumentasjon, drøfting og presentasjon

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • demonstrere dybdekunnskap om eit fokusert tema i Digital kultur
  • gi ein kritisk analyse av teknologi i ein sosial og kulturell eller/og didaktisk/pedagogisk kontekst
  • skrive analytiske tekstar innan akademisk skriving

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • fordjupe seg i eit fagområde på sjølvstendig grunnlag
  • skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på engelsk (norsk ved behov) og føreset gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for FRANDIKU301 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med DIKULT251.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til NORPART master- og PhD programmet (samarbeid mellom UiB og Yaoundé1, Kamerun). 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert seminarbasert og normalt går over 12 veker i form av omlag 3 timar per veka).

Det blir forventa at studentane tek aktiv del i diskusjonar i klasserommet, og i presentasjonar i elektroniske fora som inngår i undervisningsopplegget.

 

Alle studentar skal presentere tekstar frå pensum og leie diskusjon om tekstane i seminarer. I tillegg vil ein presentere si eiga oppgåve undervegs i semesteret og gje tilbakemeldingar til medstudentar om deira oppgåver.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om, dersom det ikkje er kolliderer med andre obligatoriske oppmøte på andre emnar. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær eller oppmøteattest frå det emnet dette emnet kolliderer med.

Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg.

Det er obligatorisk rettleiing i form av minst to rettleiingsmøte der studenten møter førebudd med sjølvskreven tekst. Første møte vil finne stad ved starten av oppgåveskrivinga. Siste møte vil finne stad i samband med innlevering av siste utkast.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to følgjande semester. 

Vurderingsformer

Studentane skal skrive en semesteroppgåve på omlag 4 - 5000 ord i samanheng med emnet tatt opp i undervisninga, med et individuelt formulert forskingsspørsmål. Oppgåve vert skrevet fortrinnsvis på fransk. Individuelt rettleie vil også bli gitt i forbindelse med skriving av semesteroppgåva.

Ved eksamen i det følgjande semesteret leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust & vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret og vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Emneansvarleg lagar ei felles liste for emnet med artiklar, bøker og evt videoar og anna ikkje-skriftleg materiale. Studenten vel sjølv fleire kjelder til oppgåva. Kjeldene kan vere på norsk eller engelsk, og etter avtale òg på andre språk.

Kjeldene bør tilsvare omlag 1000 sider med tekst, og hovedvekta skal vere på akademiske tekstar. Ein kan i tillegg nytta andre kjelder som er relevante for prosjektet.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no