Hjem
Utdanning
Masteremne

Utdanning, samfunn og digitale teknologiar 2

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFRANDIKU302
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk 
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Master og PhD

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Dette emnet basert på DIKULT304 «Seminaremne i digital kultur» er eit seminaremne i Digital kultur med vekt på sentrale spørsmål innan forsking på feltet Digital kultur. Emnet femner om relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema. Tema for emnet vil variere, og kan til dømes vere:

  • ein teoretisk tradisjon (t.d. feministisk teknologiforsking)
  • ein metode (t.d. statistisk analyse av samhandling på nett)
  • eit tema (t.d. bruk av sosiale medium i politikken)
  • ein sentral problemstilling (t.d. internasjonale relasjonar i nettverkssamfunnet)

Tema vert annonsert ved semesterstart og vil inkludere utdanningsperspektivet for NORPART-studentene.

Ein sentral del av emnet er å delta i diskusjonar og munnlege presentasjonar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om:

  • eit nærare avgrensa tema innan Digital kultur og utdanning
  • teoretiske og metodologiske perspektiv som er særs relevante for forsking på dette temaet
  • dokumentasjonsteknikkar, bibliografisk arbeid, argumentasjonsformer, og  munnleg presentasjon i ei akademisk form

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • på sjølvstendig grunnlag velje eit problemområde innan eit nærare avgrensa tema, identifisere og drøfte sentrale problemstillingar knytt til forståing av dette problemområde.
  • analysere og ta stilling til omdebatterte forskingsspørsmål
  • førebu og halde ein munnleg akademisk presentasjon og bruke til dømes audiovisuell formidling
  • arbeide med eit konkret pilotprosjekt som omhandlar til dømes digital verk, ytringsformer eller individ

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • anvende inngåande kunnskapar om akademisk skriving inkludert strategiar for dokumentasjon og bibliografi
  • presentere og forsvare eit temabasert pilotprosjekt for eit akademisk publikum
  • kombinere munnleg og visuell, eller audiovisuell formidling av eit avgrensa tema til eit ikkje-spesialisert fagpublikum

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på engelsk (norsk ved behov) og føreset gode engelskkunnskapar. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for FRANDIKULT302 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med DIKULT304.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til NORPART master- og Ph.D-programmet (samarbeid mellom UiB og Yaoundé1, Kamerun). 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga normalt går over ti veker. Det er omlag eitt  seminar på 4 timar i veka.

Det blir forventa at studentane tar aktiv del i diskusjonar i klasserommet og held jamne presentasjonar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femnar om, dersom det ikkje er kolliderer med andre obligatoriske oppmøte på andre emnar. Kursdeltakinga blir godkjend av faglærar. Om fråværet overstig 25% må studenten vise fram legeattest for dagane med fråvær eller oppmøteattest frå det emnet dette emnet kolliderer med. Studenten kan ikkje få sluttkarakter utan å ha oppfylt dette kravet.

Studentane skal førebu og gjennomføre to munnlege presentasjonar i undervisninga. Tema for presentasjonen blir vald i samråd med faglærar. Nokre presentasjonar kan bli gitt som gruppeframføring. Desse er anten godkjende eller ikkje godkjende Emneansvarleg godkjenner.

Vurderingsformer

Individuell munnleg presentasjon på 20 minutt om eit oppgitt tema som er knytt til undervisninga. Tema for presentasjonen blir gitt sju dagar før eksamen. Presentasjonen skal skje fortrinnsvis på fransk. Et manus på fransk leverast i forkant av den munnleg presentasjonen.

Den munnlege presentasjonen kan bli arrangert som ein konferanse for deltakarane på emnet og fagmiljøet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust & vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret og vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Studentane skal lese eit felles pensum tilsvarande 1000 sider. I samarbeid med emneansvarleg skal studentane sjølve velje teoribasert tilleggsfagstoff tilsvarande fellespensumet. Studentane vil dessutan bli kjende med konkret empirisk materiale, til dømes e-litteratur, filmar, digitale artefakter som er relevante for deira faglege arbeid innan det nærare avgrensa temaet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no