Fransk 1a: Fransk språk, kultur, litteratur og språkdidaktikk 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å vidareutvikle studenten sine kunnskapar om og ferdigheiter i franskfaget og i fagdidaktikk.

Gjennom studiet skal studenten utvikle forståing for sentrale språklege, kulturelle, samfunnsmessige og språkdidaktiske problemstillingar i den franskspråklege verda.

Emnet fokuserer på korleis m.a. kompetansemåla, kjerneelementa og tverrfagelege tema frå fagfornyinga for framandspråk praktisk kan bli gjennomførte i undervisninga, og ein legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital kunnskap. Studenten skal ha eit medvite tilhøve til eiga og til elevane si språklæring og innsikt i skilnader og samsvar mellom fransk og norsk. Studenten skal kunne legge til rette for framandspråkopplæring som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i eit fagovergripande perspektiv, og som stimulerer estetisk oppleving og sans.

Eit mål for dette emnet er òg å skape interesse og glede for fransk språk og kultur i eit livslangt perspektiv, og at dette vert spegla i studenten si profesjonsgjennomføring.

Innhald:

Kjerneelementa utgjer utgangspunktet for fire modular, og dannar grunnlag for vurdering.

Studiet tek opp tema innan: fransk språk, litteratur, kultur, og didaktikk med innovative tilnærmingar som m.a. spillpedagogikk.

Kurset legg særskilt vekt på:

- Bruk av digitale resursar i undervisninga

- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga/språkopplæringa

- Utvikling av munnlege og digitale ferdigheiter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har

- innsikt i fransk språk i eit fleirspråkleg perspektiv med vekt på skilnader mellom fransk og norsk

- kunnskap om sentrale tema innan franskspråkleg kultur, litteratur, historie og samfunn i den franskspråklege verda

- innsikt i sentrale styringsdokument for franskfaget

- innsikt i fransk som dannings- og ferdigheitsfag (med særleg vekt på munnleg kompetanse)

- innsikt i teoriar om sentrale fagdidaktiske omgrep

- kunnskap om ulike læringsressursar for målgruppa i eit kjeldekritisk perspektiv

Ferdigheiter

Studenten kan

- kommunisera med god uttale og intonasjon og bruka varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon

- bruke fransk som undervisningsspråk

- bruke tileigna teoretisk kunnskap for å planlegge, tilpasse og gjennomføre undervisning i tråd med kompetansemåla i faget sin læreplan

- legge til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i framandspråkopplæringa i eit fagovergripande perspektiv og stimulere estetisk oppleving og sans.

- pedagogisk og didaktiske bruk av digitale resursar i undervisninga

- bruke vurdering som fremjar læring for å rettleie elevane i utvikling av ferdigheiter på målspråket

Generell kompetanse

Studenten kan

- vidareutvikle eigen språkleg og interkulturell kompetanse, eigen praksis og bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen

- vurdere eigen praksis og samhandle med andre i profesjonsgjennomføringa

Fulltid/deltid

Ein skal gjennomføre emnet på eitt semester, og det svarar til eit halvt semesters fulltidsstudium.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning
Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.

Studenten lyt kunne fransk som svarar til fransk 2 frå vgs eller nivå A2 (Det felles europeiske rammeverket for språk)

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjent pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava.

Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon

FRAN100 : 5 stp (kultur og samfunn, litteratur, grammatik)

DIDAFRAN1: 5 stp

FRANDI101: 5 stp

FRAMDI640: 5 stp

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er nettbasert, og undervisning og kommunikasjon går føre seg på studiet si læringsplattform. Studentane har oppmøte i basisgrupper ein gong i veka i 12 veker (fire modular à tre veker, tysdagar eller torsdagar, 18.00-19.30). Arbeidsmåtar i emnet er førelesingar (bl.a. omvendt klasserom), nettmøte, gruppearbeid, prosjekt, obligatoriske arbeidskrav og sjølvstudium.

Studentane får jamleg underveisvurdering frå lærarar og medstudentar knytt til oppgåver og deltaking i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vere til stade på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid).

Det er tre (munnleg oppgåve, språklæring, undervisningsopplegg) obligatoriske innleveringsoppgåver på emnet, og desse må knytast til minst to modular og må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurderinga er ei mappeinnlevering mot slutten av semesteret. Dei tre obligatoriske innleveringane gjennom kurset (evt. omarbeidde versjonar) utgjer mappa.

Det blir gitt ein samla karakter på mappa. Vurderinga skjer på grunnlag av retningsliner for oppgåvene, som vert gitt i studiet.

Ved eksamen i det følgjande semesteret (midtsemestereksamen) leverer studenten som har oppfylt krava til obligatoriske undervisingsaktivitet i undervisningssemesteret, omarbeidde mappeoppgåver utan vidare rettleiing.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Tilsvarande om lag 750 siders pensum, inkludert film, video, innspelt undervisning, og anna audiovisuelt materiale.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Relevante hjelpemidlar
Programansvarleg
Programstyret i fransk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarleg
Programstyret i fransk
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultetet har det administrative ansvaret for emnet