Hjem
Utdanning
Masteremne

Masterprogram i helsefag - fysioterapivitskap. Fagspesifikk deleksamen: Målemetodar og evalueringsformer.

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFYST331
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Overordna mål:

Studenten skal ha inngåande kunnskap om og forståing for dei krav som vert stilt til eigenskapar ved målemetodar og evalueringsformer som vert brukt ved funksjonsvurdering. Ein skal ha erfaring med bruk av kvantitative og kvalitative vurderingsformer, og kunne reflektere over bruk av desse som fysioterapeut i klinisk arbeid og i forsking.

 

Innhald:

Sentrale måleteoretiske emne vert presentert, og ulike målemetodar med diskriminerande, predikerande og evaluerande eigenskapar vert presentert og problematisert. Studentane får sjølv erfaring i systematisk måling og observasjon av funksjon. Undervisinga vert vinkla mot funksjonsområde med relevans for fysioterapeutar.

Læringsutbyte

Studenten skal kunne gjere greie for

  • sentrale omgrep innan måleteori, som t.d. ulike målenivå, ulike aspekter av reliabilitet, validitet og sensitivitet for endring (responsivitet)
  • eigenskapar ved diskriminerande, predikerande og evaluerande målemetodar
  • observasjon som metode

Studenten skal kunne bruke kunnskapen

  • til vurdering av ulike metodar for måling og evaluering av funksjon, med vekt på fysisk funksjon, motoriske ferdigheiter, smerte og helserelatert livskvalitet
  • til kritisk vurdering av studiar som omhandlar undersøking av måleeigenskapar, samt bruk av måle- og evalueringsformer i vitskapelege studiar og i klinisk arbeid
  • til å gjennomføre ei avgrensa undersøking av ein måleeigenskap med innhenting av data, overføring av data til rekneark og utføre enkle statistiske analysar
  • til å utføre ei avgrensa observasjonsoppgåve med systematisk innhenting og tolking av data

Studenten skal kunne kommunisere ei forståing av styrke og veikskap ved kvalitative og kvantitative vurderingsformer og korleis dei kan supplere kvarandre ved funksjonsvurdering.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Sjølvstudiar, forelesingar, seminar, øvingar i statistikk, eigen presentasjon av oppgåve, datainnsamling, oppgåveskriving, tre undervisningssamlingar á 2 dagar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å få godkjent emnet må alle arbeida vere gjennomført.

Dette inneber deltaking på seminar og arbeidskrav knytt til oppgåve 1, 2 og 3.

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på innlevert arbeid

Ekstern og intern sensor

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Det vert oppgitt litteratur i emnet som skal danne utgangspunkt for læringsaktivitetane til studentane

Sjå pensumliste på Mitt UiB

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

studie@igs.uib.no

Tel: 55586100

 

Emneansvarlig:

Ingvill Fjell Naterstad, IGS http://www.uib.no/personer/ingvill.naterstad 

Aarid Liland Olsen, IGS http://www.uib.no/personer/aarid.olsen