Hjem
Utdanning
Masteremne

Introduksjon til medisinsk genetikk og genetisk rettleiing

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:

I emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om medisinsk-genetisk verksemd, basalbiologi, genetisk risikoberekning og mekanismar for populasjonsgenetikk. Emnet skal også gi studentane ei kort innføring i kommunikasjons- og rettleiingsteori.

 

Innhald:

Emnet gir ein introduksjon til korleis medisinsk¿ genetisk verksemd er organisert og regulert, og danner grunnlag for innsikt i korleis genetisk utgreiing og genetisk rettleiing føregår. Emnet gir innsikt i individuelle og samfunnsmessige utfordringar knytt til medisinsk bruk av bioteknologi. Basalbiologi og risikoberekningar med relevans for medisinsk genetikk inngår i emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

  • innsikt i organisering, regulering og utfordringar knytt til medisinsk-genetisk verksemd
  • innsikt i korleis genetisk utgreiing og genetisk veiledning føregår
  • innsikt i nokre sentrale prinsipp i kommunikasjon og rettleiing

Studenten kan:

  • forklare oppbygging av og prosesser i ei human celle
  • forklare prinsippa for embryologiske misdannings-mekanismar
  • gjere greie for molekylærgenetiske strukturar og prosessar
  • forklare prinsipp for nedarving
  • forklare genetiske og biologiske prinsipp, og forstå korleis dei kan bidra til sjukdom
  • gjere greie for prinsipp for genetisk risikoberekning
  • forklare mekanismar for populasjonsgenetikk

 

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • utføre risikoberekningar og gjentakingsrisiko for ulike genetiske sjukdomar

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

kritisk reflektere over etiske dilemma og utfordringar i genetisk rettleiing

Krav til forkunnskapar

Studentar i Masterprogram i samfunn og helse

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt studentaktive arbeids- og undervisningsformer, som:

  • Førelesingar med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Seminar med munnlege framlegg og tilbakemelding
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Aktiv deltaking på seminar og i gruppearbeid

Obligatoriske oppgåver

Vurderingsformer

Digital skriftleg skuleeksamen ¿ 4t

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel lommekalkulator

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).

Programansvarleg

Programutval i helsefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Åshild Lunde, http://www.uib.no/personer/Ashild.Lunde

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    16.12.2019, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen