Hjem
Studentsider
Masteremne

Genetisk utgreiing og -rettleiing

  • Studiepoeng20
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGENV302
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

I emnet skal studenten tileigne seg utdjupande kunnskap om pasientretta genetisk utgreiing og rettleiing for ulike genetiske sjukdomar. Det skal gi innsikt i korleis genetisk sjukdom, og risiko for genetisk sjukdom, påverkar individet og familien. Emnet skal bidra til å utvikle refleksjon og forståing av medisinske-, samfunnsmessige- og etiske utfordringar i medisinsk-genetisk verksemd.

Innhald:

Klinisk genetikk - pasientretta genetisk utgreiing og rettleiing

  • Utgreiing og rettleiing knytt til hyppig førekommande genetiske sjukdommar (til dømes hjerte/kar-sjukdommar og kreft)
  • Utgreiing og rettleiing knytt til prenatal diagnostikk
  • Utgreiing og rettleiing knytt til sjeldne genetiske sjukdommar/syndrom
  • Introduksjon til journalføring
  • Introduksjon til konstruering av slektstre ut frå familieanamnese
  • Aktuelle pasientregistre for genetiske sjukdomstilstandar

Emnet gir grunnleggande kunnskap om kommunikasjons - og genetisk rettleiingsteori

Kort innføring i genetisk laboratoriediagnostikk - molekylærgenetisk, cytogenetisk og biokjemisk

  • Prinsipp, tolking og nytte av medisinsk genetisk laboratoriediagnostikk
  • Bruk av bioinformatikk

Fagområder relatert til genetisk veiledning: Psykologi, Etikk, Jus

  • Psykiske reaksjonsmønstre relatert til krise, stress og meistring
  • Familiedynamikk
  • Etiske utfordringar og dilemma knytt til medisinsk bruk av bioteknologi
  • Sentrale debattar/meiningsutvekslingar knytt til medisinsk bruk av bioteknologi
  • Grundig innføring i lovverk og retningsliner som regulerer medisinsk-genetisk verksemd

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten har:

  • god innsikt i utgreiing og rettleiing knytt til hyppig førekomande genetiske sjukdommar
  • god innsikt i utgreiing og rettleiing knytt til prenatal diagnostikk
  • innsikt i utgreiing og rettleiing knytt til sjeldne genetiske sjukdommar/syndrom
  • god innsikt i korleis genetisk sjukdom, og risiko for genetisk sjukdom påverkar individet, familien og samfunnet
  • kjennskap til prinsipp for journalføring
  • grunnleggande kunnskap om kommunikasjonsteori og teori om rettleiing med relevans for fagfeltet
  • kjennskap til pasientregistre for genetiske sjukdomstilstandar
  • kjennskap til bruk av bioinformatikk i genetisk kartlegging
  • kjennskap til viktige debattar knytt til medisinsk bruk av bioteknologi
  • god innsikt i lovverk og retningslinjer som regulerer medisinsk genetisk verksemd

Studenten kan:

  • forklare prinsipp, tolking og nytte av nokre vanlege laboratoriediagnostiske metodar
  • forklare korleis slektstre konstruerast ut frå familieanamnese
  • forklare psykiske reaksjonsmønstre relatert til krise, stress og meistring
  • forklare relevante familiedynamiske prinsipp

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • identifisere etiske dilemma og utfordringar i genetisk rettleiing
  • konstruere slektstre ut frå familieanamnese

Generell kompetanse

Studenten har:

  • god evne til kritisk refleksjon over etiske dilemma og utfordringar i genetisk rettleiing
  • evne til kritisk refleksjon over eiga rolle og posisjon som genetisk rettleiar

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Studierett på masterprogram i helse og samfunn - studieretning: genetisk veiledning

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt studentaktive arbeids- og undervisningsformer, som:

  • Førelesingar med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Seminar knytt til obligatoriske oppgåver
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Aktiv deltaking på seminar og i gruppearbeid
  • Deltaking på kommunikasjonskurs

Vurderingsformer

Eksamen består av:

  • Skriftleg skuleeksamen på 4 timer (40%)
  • Skriftleg individuell semesteroppgåve (60%)

Hjelpemiddel til eksamen

Lommekalkulator

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet evaluerast etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet. Alle emneevalueringer blir lasta opp i studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programutvalet for helsefag er ansvarleg for masterprogrammet i helse og samfunn

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studie@igs.uib.no