Hjem
Utdanning
Masteremne

Genetisk rettleiing: klinisk praksis

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGENV303
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust/Vår

Mål og innhald

Mål

I emnet skal studenten få oversikt over den medisinsk-genetiske verksemda, og bli førebudd på arbeidsoppgåver som er knytt til medisinsk-genetisk utgreiing. Studenten skal hospitere og delta aktivt i den daglege polikliniske verksemda.

Innhald

Studenten skal få innblikk i pasientflyt frå tilvising vert

mottatt i klinisk seksjon til planlegging, førebuing og utgreiing er gjennomført. Studenten skal få kjennskap til

arbeidsverktøy og system som nyttast for å handtere den

einskilde pasient og familie i klinisk ¿ og laboratorieutgreiing. Under supervisjon skal studenten lære å ta opp familiehistorie og teikne familiekart.

Studenten skal under supervisjon gjennomføre enkel,

rutinemessige genetisk utgreiing, rettleiing og oppfølging.

Studenten skal kunne forklare ulike arvemønstre, ha kunnskap om ulike arvelege sjukdomar og vere merksam på etiske - og psykososiale utfordringar og bruk av meistringsstrategiar. Studenten skal tileigne seg kunnskap som gjør at han/ho skal kunne utføre genetisk rettleiing i tråd med gjeldande retningsliner, reglar og normer, og kunne reflektere kritisk over eiga rolle som genetisk rettleiar.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten har:

  • innsikt i pasientflyt frå henvising vert mottatt i klinikken og til planlegging og gjennomføring av genetisk rettleiing er gjennomført
  • innsikt i sentrale kommunikasjons- og rettleiingsprinsipp
  • innsikt i ulike arvelege sjukdomar
  • forståing for ulike laboratorierutinar og kva for laboratoriemetodar som nyttast i genetisk utgreiing

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • utføre enkel, rutinemessig utgreiing, rettleiing og oppfølging i medisinsk-genetisk poliklinikk
  • kjenne att og forklare ulike arvemønstre
  • kjenne att og reflektere over etiske- og psykososiale utfordringar i rettleiingssituasjonen
  • identifisere og motivere pasientar til bruk av meistringsstrategiar

Generell kompetanse

Student har:

  • evne til å gjennomføre rutinemessig genetisk utgreiing- og rettleiing
  • evne til å rettleie etter sentrale lover og retningsliner
  • evne til å identifisere, fokusere og handtere etiske- og psykososiale prinsipp og utfordringar i rettleiingssituasjonar

Krav til forkunnskapar

Gjennomført emna:

«Introduksjon til medisinsk genetikk og genetisk rettleiing»

og «Genetisk utgreiing og rettleiing».

Krav til studierett

Studentar som er tatt opp i Masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

14 veker klinisk praksis i medisinsk genetisk avdeling, som inneber å:

  • delta på relevante kliniske avdelingsmøter
  • nytte arbeidsverktøy og system til å handtere den enkelte pasient og familie i klinisk ¿ og laboratorieutgreiing
  • ta opp familiehistorie og teikne familiekart
  • hospitere ved og delta aktivt i den polikliniske verksemda.
  • gjennomføre enkel rutinemessige genetisk utgreiing, rettleiing og oppfølging under supervisjon

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive to "caser" frå eigen praksis med fokus på etiske- og psykososiale utfordringar, samt

refleksjon over eigen praksis som genetisk rettleiar.

Vurderingsformer

Praktisk eksamen

Studenten skal gjennomføre ei genetisk utgreiing frå pasienten henvisast til gjennomføring av genetisk rettleiing er avslutta ved den medisinsk- genetiske klinikken.

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).

Programansvarleg

Programutval for helsefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Åshild Lunde

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

 Studie@igs.uib.no

Studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00