Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Geografi har ei rolle innan samfunns- og naturvitskap og som brubyggjar mellom desse to retningane. Emnet skal gjere studentane kjende med geografifaget si historie og ulike faglige retningane i geografifaget. Studentane får ei i innføring i sentrale geografiske omgrep, teoriar, metodar og tenkjemåtar. Eit feltkurs på Vestlandet gir ei innføring i korleis observasjonar i felt vert skildra, tolka og kobla til den teoretiske litteraturen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om geografifaget si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
  • har kunnskap om dei sentrale tema, teoriar og problemstillingar innanfor geografifaget.
  • har kunnskap om meininga av skala i det geografiske rom og prosessar på ulike tidsaksar.

Ferdigheter

Studenten

  • kan gi ei vitskapleg skildring av observasjonar i felt
  • kan bruke eit presist fagspråk
  • kan bruke akademisk referanseteknikk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle kunnskap om kva som kjenneteiknar geografi som fag.
  • kan drøfte samanhengen mellom naturressursar og samfunnsutvikling.
  • kan jobbe individuelt og i gruppe.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

2 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 12-13 førelesingar

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 6-7 seminar

1-2 dager feltkurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Godkjend rapport frå feltkurs
  • Medstudentevaluering både skriftleg og munnleg
  • 1 obligatorisk seminar

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 4 timer

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO100 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    19.11.2019, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    05.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted