Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kartografi og tematiske kart

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEO110
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi teoretisk, empirisk og praktisk erfaring i kartografi, inkludert innsamling og presentasjon av geografiske data og tematiske kart.

Emnet skal formidle forståing for alle steg av den kartografiske prosessen, frå innsamling av data til ferdig produsert kart. Prinsippa for korleis vi målar og modellerer den tredimensjonale jordoverflata og representerer den på to-dimensjonale kart står sentralt. Emnet formidlar også forståing av etiske omsyn og maktperspektiv knytt til framstilling og bruk av kart.

Teoretisk tilnærming omfattar også omgrep som romlig organisering og omorganisering av territorium som t.d. nasjonalstatar eller regionar. Kurset gir dessutan ein oversikt over ei rekkje regionale inndelingar (administrative eller statistiske) som brukast til innsamling, omarbeiding og presentasjon av data i norsk offisiell statistikk.

Emnet går gjennom sentrale omgrep knytt til modellering og representasjon av jordoverflata, som datum, koordinatsystem, projeksjonar og skala. Der det er relevant blir kartografiske omgrep sett i eit historisk perspektiv. Omgrepet geografiske data blir definert og eksemplifisert og datafangst blir presentert med spesielt fokus på globale navigasjonssystem, ulike fjernmålingsteknikkar og innhenting av geografiske data frå digitale kartdatabaser. I samband med presentasjon av geografiske data blir prinsippa for normalisering og klassifisering gjennomgått. Vidare vert det jobba med ulike tematiske karttypar og prinsippa for god kartdesign . Studentane får også praktisk erfaring med kartbruk, datainnsamling, bruk av sekundærstatistikk frå statistiske databasar (t.d. SSB), og bruk av rekneeark og GIS-programvare gjennom øvingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan definere og nytte sentrale kartografiske omgrep, som til dømes datum, koordinatsystem, projeksjonar og målestokk
  • kan beskrive dei grunnleggande prinsippa bak fjernmåling og globale navigasjonssystem som datainnsamlingsmetodar
  • kan vurdera og samanlikne bruksområda til ulike typar tematiske kart
  • har oversikt over det norske kartgrunnlaget og beskriv Statens kartverk si rolle
  • kan definere og nyttar ulike former for regionale inndelingar
  • kan forklare omgrep knytt til romleg organisering av territorium og grenser
  • kan vurdera korleis ein må ta omsyn til etikk og (mis)bruk av makt i eit kartografisk perspektiv

Ferdigheiter

Studenten kan

  • nytte navigasjonsutstyr og kart til å orientere seg, beskrive område og til innsamling av geografiske data
  • identifisere og bruke ulike typar geografiske data, datatypar, målenivå og klassifikasjonsmetodar
  • hente inn romlige og beskrivande data frå ulike kjelder i GIS programvare
  • integrere sekundærstatistikk i kartografiske framstillingar
  • utføre enkle GIS-analyser
  • planleggja og gjennomføre produksjon av eigne tematiske kart etter gjeldande prinsipp for god utforming ved hjelp av GIS-programvare

Generell kompetanse

Studenten

  • har tileigna seg digital kompetanse
  • kan bruke rett standard for akademisk skriving og kildereferering
  • er ein kompetent og kritisk kartbrukar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB /maksimum 100 studentar.

Studentar får plass etter denne prioriteringa:

  1. Studentar på årsstudiet i geografi, bachelorprogrammet i geografi, studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi og studentar på bachelorprogrammet i utviklingsstudier med spesialisering i geografi
  2. Studentar frå andre program ved UiB (Denne gruppa må ta kontakt med instituttet innen 1. september for å kunne melde seg (Studieveileder@geog.uib.no))

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og førelesingar, seminarundervisning og datalaber i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.

Totalt 8-10 førelesingar/seminarundervisning a 2 timer

Totalt 6-8 oppgåveseminar/datalab á 2 timer

Maks 4 timer undervisning/veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på første førelesning og innlevering av 4 oppgåver

Vurderingsformer

Mappevurdering som inneheld 3 delar: ein skriftleg prøve (30%), eit skriftleg arbeid (30%) og eit eige kart (40%). Mappeelementa er jamt fordelt utover semesteret.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO111 før haust 2006 gir 3 studiepoeng reduksjon

GEO115 gir 5 studiepoeng i reduksjon

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Pensumlitteratur (se egen liste), seminarbeskrivelser og annet materiale som vert delt ut på Mitt UiB.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer en tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO110 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no