Kartografi og tematiske kart
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGEO110
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi teoretisk, empirisk og praktisk erfaring i kartografi, inkludert innsamling og presentasjon av geografiske data og tematiske kart.
Emnet skal formidle forståing for alle steg av den kartografiske prosessen, frå innsamling av data til ferdig produsert kart. Prinsippa for korleis vi målar og modellerer den tredimensjonale jordoverflata og representerer den på to-dimensjonale kart står sentralt. Emnet formidlar også forståing av etiske omsyn og maktperspektiv knytt til framstilling og bruk av kart.
Teoretisk tilnærming omfattar også omgrep som romlig organisering og omorganisering av territorium som t.d. nasjonalstatar eller regionar. Kurset gir dessutan ein oversikt over ei rekkje regionale inndelingar (administrative eller statistiske) som brukast til innsamling, omarbeiding og presentasjon av data i norsk offisiell statistikk.
Emnet går gjennom sentrale omgrep knytt til modellering og representasjon av jordoverflata, som datum, koordinatsystem, projeksjonar og skala. Der det er relevant blir kartografiske omgrep sett i eit historisk perspektiv. Omgrepet geografiske data blir definert og eksemplifisert og datafangst blir presentert med spesielt fokus på globale navigasjonssystem, ulike fjernmålingsteknikkar og innhenting av geografiske data frå digitale kartdatabaser. I samband med presentasjon av geografiske data blir prinsippa for normalisering og klassifisering gjennomgått. Vidare vert det jobba med ulike tematiske karttypar og prinsippa for god kartdesign . Studentane får også praktisk erfaring med kartbruk, datainnsamling, bruk av sekundærstatistikk frå statistiske databasar (t.d. SSB), og bruk av rekneeark og GIS-programvare gjennom øvingar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan definere og nytte sentrale kartografiske omgrep, som til dømes datum, koordinatsystem, projeksjonar og målestokk
- kan beskrive dei grunnleggande prinsippa bak fjernmåling og globale navigasjonssystem som datainnsamlingsmetodar
- kan vurdera og samanlikne bruksområda til ulike typar tematiske kart
- har oversikt over det norske kartgrunnlaget og beskriv Statens kartverk si rolle
- kan definere og nyttar ulike former for regionale inndelingar
- kan forklare omgrep knytt til romleg organisering av territorium og grenser
- kan vurdera korleis ein må ta omsyn til etikk og (mis)bruk av makt i eit kartografisk perspektiv
Ferdigheiter
Studenten kan
- nytte navigasjonsutstyr og kart til å orientere seg, beskrive område og til innsamling av geografiske data
- identifisere og bruke ulike typar geografiske data, datatypar, målenivå og klassifikasjonsmetodar
- hente inn romlige og beskrivande data frå ulike kjelder i GIS programvare
- integrere sekundærstatistikk i kartografiske framstillingar
- utføre enkle GIS-analyser
- planleggja og gjennomføre produksjon av eigne tematiske kart etter gjeldande prinsipp for god utforming ved hjelp av GIS-programvare
Generell kompetanse
Studenten
- har tileigna seg digital kompetanse
- kan bruke rett standard for akademisk skriving og kildereferering
- er ein kompetent og kritisk kartbrukar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Generelle datakunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
- GEO111 før haust 2006 gir 3 studiepoeng reduksjon
- GEO115 gir 5 studiepoeng i reduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB /maksimum 60 studentar.
Studentar får plass etter denne prioriteringa:
- Studentar på årsstudiet i geografi, bachelorprogrammet i geografi, og på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi
- Studentar frå andre program ved UiB (Denne gruppa må ta kontakt med instituttet innen fredag i uke 33 for å kunne melde seg opp (Studieveileder@geog.uib.no))
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og førelesingar, seminarundervisning og datalaber i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.
Totalt 10-12 førelesingar/seminarundervisning a 2 timer
Totalt 6-8 oppgåveseminar/datalab á 2 timer
Maks 6 timer undervisning/veke
På kurset jobbar du i ulik GIS-programvare (QGIS og ArcGIS). ArcGIS er berre tilgjengelig for Windows og fungerer optimalt på PC med minst disse spesifikasjonene. Om PCen din ikkje tilfredsstiller disse spesifikasjonane eller har et anne operativsystem, blir du tilbydd en løysning som kjører programmet gjennom en virtuell maskin. I begge tilfelle krev kurset at du har tilgang til egen datamaskin. Informasjon om løysningen ligger p.t. her: UiB Hjelp - Tredjepartsportalen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To seminar
Tre oppgåver
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Mappevurdering som inneheld 3 delar:
- skriftleg prøve (30%)
- seminaroppgåve (20%)
- eige kart (50%)
Mappeelementa er jamt fordelt utover semesteret. Det blir gjort ei samla vurdering av innhaldet i mappa og det blir gitt éin karakter (ingen delkarakterar for dei enkelte mappeelementa).
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Pensumlitteratur (se egen liste), seminarbeskrivelser og annet materiale som vert delt ut på Mitt UiB.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Institutt for geografi
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Mappevurdering
- Trekkfrist
- 26.09.2022
Eksamensdel: Skriftleg prøve
- Dato
- 10.10.2022, 09:00
- Varigheit
- 3 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Oppgåve og kart
- Innleveringsfrist
- 06.12.2022, 14:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen