Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Regional utvikling

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO124
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål 

Emnet har som mål å gi teoretiske og empiriske føresetnader for å gjennomføre regionale analysar av utviklings- og omstillingsprosessar.

Innhald

Emnet tar opp tema om regional utvikling med særlig vekt på norske tilhøve. Eksempel på tema er teoriar om region og regional utvikling, befolkning og busetnad, stadsidentitet, flytting og pendling, planlegging og næringsutvikling lokalt og regionalt i Noreg. Gjennom feltkursoppgåva skal studenten kunne demonstrere bruken av relevant teori og metode på eit empirisk materiale. Feltkurset er organisert i form av obligatoriske aktivitetar med forelesingar, rettleiing, feltførebuingar og skriving av feltrapport.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for sentrale teoriar og emne som er relevante i studiar av regional utvikling i Noreg.
  • kan forklare dei prosessane som særleg påverkar utviklinga lokalt og regionalt.
  • kan gjere greie for prosessar knytt til økonomisk utvikling og omstilling, regionalisering, stadstilknyting, demografi, mobilitet og regionale innovasjonssystem .

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre datainnsamling og analyse i eitt mindre forskingsprosjekt knytt til gruppearbeid
  • kan meistre grunnleggjande akademisk skrive- og referansetreknikk, feltrapportering og munnleg framlegging

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide i gruppe
  • kan nytte kunnskapen i regionale undersøkingar og analyser
  • kan nytte kunnskapen i arbeidsoppgåver som er relevante for føretaksvedtak, plananalyser, arbeid med regionale utviklingsstrategiar, undervisning og forsking.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

  • GEO122 (15 ECTS) gir 10 sp poengreduksjon.
  • GEOG122 gir 10 sp poengreduksjon.
  • GEO123 gir 10 sp i poengreduksjon
  • GEO151 gir 5 sp i poengreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

1-2 forelesingar/seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 10 - 14 forelesingar/seminar.

1 halvdagsseminar.

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 4-6 seminar (teoridelen).

Gruppearbeid med rettleiing, presentasjon og feltstudie (feltdelen).

Feltkurs 2-3 dagar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Informasjonsmøtet er obligatorisk.
  • Deltaking i all feltførebuande undervisning og øvingar (plan blir publisert på Mitt UiB).
  • Deltaking på feltkurs.
  • Studentane vel litteratur til oppgåva (utanom pensum) i omfang 150-200 sider i samråd med faglærar.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Vurdering i emnet har to delar:

  • Gruppevis feltrapport (50%)
  • Skuleeksamen 5 timer (50%)

Karakter på feltrapport er gyldig i fire semester etter den er bestått. Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny skuleeksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Institutt

Institutt for geografi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no