Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Mat, miljø og berekraftig utvikling

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Studentane får ei innføring i lokale og globale matsystem, utviklingsteori og politisk økologi. I løpet av kurset skal studentane samanfatte den generelle kunnskapen i ei konkret prosjektoppgåve.

Kurset handlar om den mest grunnleggande problemstilliga for berekraftig utvikling: Korleis sikre nok mat til verdas befolkning og samstundes forvalte miljøet på ein berekraftig måte? Det vert lagt vekt på kunnskap om ulike system for matproduksjon i landbruk, fiske, akvakultur, skogbruk og husdyrhald i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Sentrale tema er global mathandel, ulik fordeling og matsikkerheit, samt miljøeffektar, ressursforvalting og miljøpolitikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for teoriar om tilhøvet mellom landbruk, befolkningsutvikling, miljø og matsikkerheit
  • kan gjere greie for teoriar om utvikling i det globale sør
  • Kan gjere greie for diskursar og narrativ om miljø og utvikling
  • kan gi ei oversikt over produksjon og fordeling av mat frå det enkelte bruk til den globale matvareøkonomien

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke systemperspektiv på analyse av ressursar, teknologi og samfunn knytt til matproduksjonen
  • kan nytte akademisk skrive- og referanseteknikk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gi kritiske vurderingar av ulike perspektiv på miljø- og utviklingsdiskursar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

1-2 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 12-14 førelesingar

3-4 seminar á 2 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent skriftleg essay, ca. 4 sider

Obligatorisk arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

5 timar skriftleg eksamen

Vurderingsform er endra frå 5 timar skuleeksamen til 8 timar heimeeksamen som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontakt

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    22.11.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    22.11.2021, 17:00
    Trekkfrist
    08.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen