Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kvalitativ analyse

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO206
  • Talet på semester1
  • Språk

    Engelsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Gjennom kurset skal studenten tileigne seg kunnskap om utforming av kvalitative forskingsopplegg, utvikling av problemstillingar og bruk av metodar og feltteknikkar med vekt på intervju, tekstanalyse, deltaking og observasjon.

Kurset gir undervising i god forskingspraksis i geografi med fokus på teori som støttar kvalitativ forsking. Sentrale tema er forskingsdesign, subjektivitet og objektivitet, kritisk refleksivitet, forskingsetikk, samt kvalitative metodar og teknikkar brukt i feltforsking.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om kvalitativ metode og forskingsdesign
  • har kunnskap om styrker og svakheiter ved ulike kvalitative metodar.

Ferdigheter

Studenten

  • kan gjere greie for kva eit kvalitativt forskingsopplegg er gjennom å ha tileigna seg innsikt i sentrale kvalitative metodar og teknikkar.
  • kan sjølvstendig vurdere ei kvalitativ metodisk tilnærming gjennom å utarbeide eit individuelt forskingsopplegg.
  • kan ta i bruk kvalitative metodar som intervju, spørjeskjema og observasjon, fokusgruppe.
  • kan følgje forskingsprosessen og sjå samanhengen frå planlegging til datainnsamling og ferdig tekstprodukt.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke og vurdere kvalitative metodar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEO121/GEO125GEO131, GEO151/GEO124 eller tilsvarande 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

1-2 forelesing per veke + 1 seminar.

Totalt 5-6 forelesingar og eit seminar.

Kurset blir undervist i januar og februar. Eksamen i februar/mars.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Vurdering i emnet har to delar:

  • Essay basert på praktisk oppgåve (40 %)
  • Skriftleg eksamen 4 timar (60 %) 

Alle vurderingsdelar må vere bestått i same semester. Delkarakterar og samla/samanslått karakter blir publisert i Studentweb.

Karakterskala

Gradert karakterskala fra A til F.

Fagleg overlapp

GEO307- 5 studiepoeng

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO206 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset blir undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no