Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Miljøforvaltning og planlegging

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Kurset gir ei fordjuping i tverrfaglege innfallsvinklar på miljøvern og planlegging i forsking og forvaltning.

Emnet gir ei generell innføring i ressursforvaltning, planlegging og miljøvern. Gjennom lokale og globale døme ser ein på korleis miljøet i verda endrar seg. Det vert gitt ei innføring i norsk miljøforvaltning, særleg med tanke på moglegheiter og problem i tverrfagleg forvaltnings-, planarbeid og forsking. Tema som blir tatt opp er miljø- og arealplanlegging, ressursforvaltning, juridiske verkemiddel, økonomi og miljøpolitikk, økologi og biodiversitet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner den historiske utviklinga av miljøforvaltning og berekraftig utvikling
  • har kunnskap om viktige miljøproblem og sentrale årsaker
  • har kunnskap om oppbygginga av offentleg miljøforvaltning og miljøtiltak i Noreg
  • kjenner hovedtrekka i viktige norske miljølover som Plan- og bygningslova
  • har kunnskap om hovedtrekka i planhierarkiet
  • har kunnskap om vurdering og forvaltning av biodiversitet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne, vurdere og vise til relevant kunnskap, data og teori, og framstille og bruke det til å svare på aktuelle miljøfaglege og planleggingsrelaterte spørsmål.
  • har kjennskap til ulike relevante verktøy i miljøforvaltning og planlegging som stadsanalyse, ROS-analysar, konsekvensutgreiingar, naturdatabasar og livssyklusanalysar.
  • kan identifisere og analysere miljø- og arealrelaterte planutfordringar
  • kjenner og kan tolke og bruke norske arealplankart.

Generell kompetanse

Studenten

  • har opparbeidd generell kompetanse om teori og praksis for norsk miljøforvaltning og arealplanlegging.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEO110/GEO115

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

2 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 14-16 førelesingar.

1 halvdagsseminar om planleggingscase. 

1 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 4-6 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 5 timar

Hjelpemiddel til eksamen

None

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontakt

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    19.11.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    19.11.2021, 17:00
    Trekkfrist
    05.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen