Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Det rurale i endring

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Rurale område har gjennomgått ei rekke omfattande endringar dei siste tiåra, når det gjeld f.eks. produksjonen innanfor landbruk og den politiske styringa av landbruket. Samtidig er desse områda viktige for bl.a. mat- og - i stadig aukande grad - energiproduksjon, som rekreasjonsområde og turistattraksjonar. Emnet bruker landskapsperspektivet som ein innfallsvinkel til å belyse endringar i rurale område i Norges og Vest-Europas i tid og rom.

Emnet startar med ein gjennomgang av ulike tilnærmingar til studiet av landskap. Langtidstrendane i korleis rurale område har endra seg blir drøfta. Vi viser korleis ulike type metodar kan brukast for å studere trendane og kva reiskaper offentleg forvaltning har for å påverke endringane. Vi ser på drivkreftene i omforming av jordbrukslandskapet, som for eksempel, globale marknadsendringar og ny teknologi bl.a. knytt til energiproduksjon, både med tanke på ulike typar driftsformer og dei miljøkonsekvensane som følgjer av desse. Endelig vert det drøfta korleis globale miljøendringar, som for eksempel, klimaendringar vil påverke bl.a. biodiversitet og matproduksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har utvikla forståing for ulike tilnærmingar til landskap og kulturlandskap i forsking og forvaltning.
  • har erverva seg kunnskap om endringstrendane i norsk jordbruk.
  • har oversikt over viktige metodar som blir brukt i landskapsforskinga.
  • har oppnådd innsikt i drivkrefter som ligg bak endringar i rurale område.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere ei kritisk analyse av dei viktigaste drivkrefter bak endringar i rurale område og dei komplekse samanhengane mellom dei.
  • kan reflektere over miljøkonsekvensane av landskapsendringar.

Generell kompetanse

Studenten

  • har opparbeidd seg grunnleggande kunnskap om samspelet mellom ulike faktorar som er sentrale i landskapsforvaltning

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEO115, GEO111, GEO112 og GEO131. Anbefalast kombinert med GEO281 og GEO291.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

1-2 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 11-13 førelesingar i kulturlandskapet sin geografi.

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5-7 seminar

1 halvdagsekskursjon

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

5 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO282 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    09.05.2019, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    25.04.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted