Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Naturgeografisk feltkurs

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO291
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og eit feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studenten kunnskap og ferdigheiter knytt til vanlege metodar og teknikkar i naturgeografi. Under rettleiing vil studentane arbeide aleine eller i små grupper med å gjennomføre eit feltbasert forskingsprosjekt knytt til rekonstruksjon av klima- og miljøendringar i eit nærare definert feltområde, anten i Noreg eller i utlandet. Feltområda kan variera frå år til år. For å førebu studentane til eige feltarbeid vil ein anten aleine eller som del av ei lita gruppe skrive ein tematisk rapport som nyttar faglitteratur som er relevant for feltområdet.

I samband med forskingsprosjektet vil studentane utvikle sine eigne forskingsspørsmål og tilhøyrande målsetjingar. Dei vil også lære å handtere hypotesar og korleis dei skal skrive ein akademisk rapport i naturgeografi som nyttar eit profesjonelt språk og fagtermar, og med høvelege analysar, illustrasjonar og referansar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan forklare dei viktigaste agensane og tilhøyrande prosessar som kan koplast til terrestriske klima- og miljøendringar i feltområda deira.
  • har kunnskap om relevante feltmetodar og teknikkar nytta under feltarbeid.
  • har kunnskap om relevante kvantitative analysemetodar.
  • har kunnskap om prinsippa bak eit kvartærgeologisk kart og korleis dei vert laga.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ved å nytte faglitteratur og feltobservasjonar utvikle eit forskingsprosjekt i eige feltområde.
  • kan formulere arbeidshypotesar som del av å løyse forskingsspørsmåla ein er oppteken av i feltområdet.
  • kan nytte relevante feltmetodar og teknikkar i eige feltområde.
  • kan samle relevante data til å rekonstruere klima og miljøendringar i eige feltområde.
  • kan skildre landformar/fenomen på ein nøytral måte før ein tolkar årsaka til dei.
  • kan lage eit kvartærgeologisk kart over feltområdet.
  • kan analysere kvantitative data gjennom å nytte metodar tilpassa feltundersøkinga.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utføre ei praktisk feltoppgåve i samsvar med retningslinene for høveleg framferd og sikkerheit ved Universitetet i Bergen.
  • kan skrive ein feltrapport anten aleine eller i ei lita gruppe gjennom å nytte eit profesjonelt språk og fagtermar, lage høvelege analysar, nytte gode illustrasjonar, og kunne vise til relevant litteratur.
  • kan formidle munnleg og skrive ein akademisk tekst knytt til tema innan eige forskingsfelt og relatere dette til faglitteraturen.
  • kan nytte arbeidshypotesar som del av å løyse eit forskingsspørsmål.
  • kan utveksle ytringar med fagfellar, og kome med konstruktive kommentarar til arbeida deira.

Krav til forkunnskapar

GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131, eller tilsvarande.

GEO204 og GEO212 skal takast i same semester (eventuelt før).

Studiepoengsreduksjon

GEO241 (10 poeng), GEO271 (10 poeng)

Krav til studierett

Dette emnet er ope for studentar i geografi med minimum 60 studiepoeng, og med basiskunnskapar i naturgeografi og kartografi.

Arbeids- og undervisningsformer

  • 5-8 seminar á 2 timar pr. veke.
  • 6-8 dagar ekskursjon/feltkurs. Talet på dagar avheng av reiseavstand.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på ekskursjon/feltkurs
  • Deltaking på seminar
  • Godkjend tematisk rapport og tilhøyrande munnleg føredrag.

Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret det bli gjennomført.

Vurderingsformer

Gruppevis feltrapport og individuell munnleg eksamen.

Munnleg eksamen kan justere karakteren på feltrapporten.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO241 (10 poeng), GEO271 (10 poeng)

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

GEO291 vert evaluert minimum kvart tredje år

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studieveileder@geog.uib.no