Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Miljøgeografisk feltkurs

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO293
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk (kan bli undervist på engelsk)
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og eit feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.

Mål og innhald

Studenten skal lære korleis problemstillingar, hypotesar og forskingsopplegg vert utvikla gjennom ei miljøgeografisk feltoppgåve, og ta i bruk miljøgeografiske metodar og teknikkar. Gjennom arbeidet med feltstudiet får studentane innsikt i og erfaring med sentrale miljøgeografiske tema som teoretisk og metodisk har vært tatt opp i andre kurs som GEO 293 bygger på. Det kan f.eks. være arealplanlegging, ressursbruk, landskapsendringar, klimaomstilling og forvaltning av biologisk mangfald.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere nytte av sentrale miljøgeografiske tema, kjelder, metodar og teoriar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere ei miljøfaglieg problemstilling, og gjennomføre ein analyse med tilhøyrende drøfting
  • kan gjennomføre ei avgrensa miljøgeografisk feltundersøking/forskingsprosjekt på eigen hand eller i samarbeid med andre
  • kan bruke kvantitative og/eller kvalitative felt- og analysemetodar, som for eksempel intervju, tekstanalyse, flybildetolkning, kartografi og GIS
  • kan bruke akademisk argumentasjon, skrive- og referanseteknikk

Generell kompetanse

Studenten

  • har opparbeidd kompetanse om sentrale miljøfaglege problemstillingar og korleis slik kunnskap kan framstillast i ein skriftleg samanheng.
  • kan jobbe individuelt og i gruppe.
  • kan gjennomføre søk etter relevant litteratur, referere til litteratur og setje opp referanse-/litteraturliste.

Krav til forkunnskapar

GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131, eller tilsvarande.

GEO204, GEO206 og GEO282 kan takast i same semester (GEO281 kan erstatte GEO282).

Studiepoengsreduksjon

GEO241 (10 poeng), GEO271 (10 poeng) og GEO291 før 2016 (10 poeng).

Krav til studierett

Ope, men talet på plassar er avgrensa. Opptak skjer etter denne prioriteringa:

  1. Studentar på bachelorprogrammet i geografi i 6. semester.
  2. Studentar på bachelorprogrammet i geografi i 4. semester.
  3. Utvekslingsstudentar med godkjent bakgrunn.

Arbeids- og undervisningsformer

1 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 1-2 førelesingar.

1-2 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 5 seminar

Feltkurs 5-7 dagar. Talet på dagar avheng av reiseavstand.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på feltkurs
  • Deltaking på seminar

Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret det bli gjennomført.

Vurderingsformer

Feltrapport som gruppeeksamen der 2-3 studentar skriv rapporten saman.

Individuell justerande munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geog.uib.no