Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGEO313
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Metodane nytta i kvartærgeologisk/naturgeografisk forsking er i stadig utvikling, og det kjem heile tida til ny teknologi som vert teken i bruk for å betre kunne studere prosessmiljøa og sedimenta som vert avsett av ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje ei innføring i ulike metodar som vert nytta til å gjennomføre kvartærgeologiske og naturgeografiske forskingsprosjekt, og gjere studentane betre rusta til å møte dei praktiske utfordringane knytt til felt- og laboratoriebaserte forskingsprosjekt i kvartærgeologi, naturgeografi og paleoklima.
Emnet tek sikte på å gje ei innføring i ulike metodar for å studere overflateformar og sedimentære avsetningar (kvartærgeologisk kartlegging, drone-fotogrammetri, georadar, LiDAR, CHIRP, ekkolodd etc.), samt korleis ein kan samle inn geologiske prøvar frå jordoverflata (sedimentkjernar, jordprøver etc.). Vidare vil ein arbeide med dei same prøvane og data som ein har samla inn gjennom feltarbeidet i laboratoriet, der ein vil få innføring i ein del sentrale metodar (magnetiske-, geokjemiske- og fysiske sedimentparametre etc.) for å kunne karakterisere sedimenter avsett av ulike geomorfologiske agensar. Ein vil også arbeide med ulike metodar for å handsame geografisk informasjon og geofysiske data samla inn under feltarbeidet (georadardata, dronefoto, djupnedata frå innsjøar, CHIRP-data, kartdata etc.), og det vil bli gjeven ei innføring i statistiske metodar, samt handsaming og visualisering av kvantitative data. I dette arbeidet vil ein få kjennskap til ulike typar programvare som til dømes ArcGIS Pro, RadExplorer, PiX4D, R, og Microsoft Excel.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten:
- har oversyn over dei viktigaste metodane som nyttast i kvartærgeologisk og naturgeografisk feltarbeid
- kan skissere kva teknikkar som eignar seg for analyse av ulike sedimenttypar i laboratoriet basert på gitte problemstillingar
- vet korleis en kan innhente, prosessere og skildre geofysiske feltdata
- vet korleis en kan presentere og tolke geografiske data som kan nyttast i forskingssamanheng
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan planlegge og gjennomføre feltarbeid basert på gitte problemstillingar
- kan nytte ulike typar prøvetakingsutstyr for å ta borkjernar i innsjøar
- kan prosessere og tolke informasjon innhenta med ulike geofysiske metodar
- kan tolke kvartærgeologiske kart, seismiske profiler og grafar som skildrar tidsseriar
- kan framstille og drøfte data som er samla inn med ulike feltteknikkar
- kan tolke genese og prosessmiljø ut frå ulike typar innsamla geologisk materiale
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan vurdere kva feltteknikkar som kan nyttast til å løyse ulike kvartærgeologiske problemstillingar
- kan planleggje og gjennomføre feltarbeid i samsvar med gjeldande HMS-retningslinjer
- kan planleggje og gjennomføre eit laboratorieforsøk i samsvar med gjeldande HMS-retningslinjer
- kan demonstrere evne til å arbeide individuelt og i gruppe i feltsituasjonen og på laboratoriet
Studiepoengsreduksjon
10 studiepoeng overlapp med GEOV226
Krav til studierett
Ope for studentar på masternivå som oppfyller forkunnskapskravet.
Arbeids- og undervisningsformer
- Seminar/forelesning: kvar veke (unntatt veker med felt- og laboratorieøvingar)
- Feltøvingar: Tre dagar
- Laboratorieøvingar: Tre dagar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Refleksjonsnotat, gruppevis presentasjon, posterpresentasjon, samt deltaking på seminar og på felt-/laboratorieøvingar.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav kan berre gjennomførast ein gong og har ingen tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Mappevurdering av:
- Flervalgsprøve/quiz - 40 %
- Semesteroppgåve) - 60 %
Begge deler av mappevurderinga må være bestått i same semester.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappevurdering
- Innleveringsfrist
- 02.12.2022, 14:00
- Trekkfrist
- 18.11.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen