Hjem
Studentsider
Masteremne

Planlegging og samfunn

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Studentane skal trenast i å forstå og analysere samfunnsplanlegging og endringsprosessar i byar og på mindre rurale stader. Dette vert sett i lys av samspelet mellom lokale og globale prosessar.

Kurset gir ei innføring og fordjuping i nyare kritisk planleggingsteori, urban teori og stadsutvikling relatert til endring. Det vert lagt særleg vekt på korleis lokal og regional samfunnsplanlegging møter og kan møte flyten av idear, kapital og menneske. Ei sentral problemstilling i kurset er kva det vil seie å planlegge innanfor romleg kompleksitet. Kurset vektlegg såleis korleis ulike geografiske nivå spelar inn i lokale og regionale planleggingsprosessar. Det blir lagt særleg vekt på korleis styringssystem og ulike strategiar for endring på stader samspelar med politiske og ideologiske tilhøve, det økonomiske, det sosiale og materielle tilhøve. I undervisinga blir det lagt vekt på å eksemplifisere og å diskutere ulike praktiske og teoretiske tilnærmingar innan planlegging i lys av kontekstuelle føresetnader.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for nyare utvikling i samfunnsplanlegginga og for ulike kritiske tilnærmingar til og teoriar om planlegging, byutvikling og stadsutvikling.
  • kan nytte relevante urbane teoriar for å diskutere byar og byutvikling i relasjon til urban endring.
  • kan nytta relevante teoriar om formelle og uformelle strategiar for endring på mindre stader og i byen (for eksempel planlegging, taktiske intervensjonar, praksisar).
  • kan drøfte sentrale sosiale, økonomiske og klima/miljømessige trendar og utfordringar som stader og samfunnsplanlegginga generelt står ovanfor i dag.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte relevant teori for å analysere empiriske case.
  • kan foreslå og grunngje val av spesifikke strategiar og intervensjonar i byen og på mindre stader.
  • kan gjere nytte av ulik urban teori relatert til byutvikling og planlegging som ei tolkingsramme for problemstillingar knytt til samfunnsplanlegging og byutvikling.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
  • kan presentere og diskutere (skriftlig og munnleg) faglege problemstillingar og analysar.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i geografi eller tilsvarande bakgrunn.

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggande kunnskap i geografi og samfunnsvitskap og basiskjennskap til samfunnsplanlegging.

Krav til studierett

Kurset er ope for studentar på masternivå som fyller kravet til forkunnskapar. GEO328 er eit særemne, og kan difor gå inn i det obligatoriske kravet om to særemne i mastergraden i geografi.

Arbeids- og undervisningsformer

Totalt 7 førelesningar/verkstader/ekskursjon à 4-6 timer

Totalt 4 seminar à 2 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

4 skriftlige oppgåver som samen utgjer grunnlaget for endeleg karakter: Oppgåve 1 (10%); Oppgåve 2 (25 %); Oppgåve 3 (25 %); Oppgåve 4 (40%).

Alle delar må vere bestått for å få karakter i emnet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Fire oppgåver

    Trekkfrist
    25.09.2020
    • Eksamensdel: Oppgåve 1

      Innleveringsfrist
      09.10.2020, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 2

      Innleveringsfrist
      23.10.2020, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 3

      Innleveringsfrist
      06.11.2020, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 4

      Innleveringsfrist
      04.12.2020, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen