Hjem

Utdanning

Masteremne

Miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEO329
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og feltområde.

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi studentane ei teoretisk og metodisk fordjuping i aktuelle natur-, miljø- og landskapsgeografiske problemstillingar. Kurset skal dekke breidda av miljøgeografiske tema og belyser kritiske problemstillingar innan miljøforvaltning og planlegging. Gjennom arbeidet med et eiget prosjekt kan studentane velja å fordjupe seg i et eller fleire tema og dermed få kunnskap om ulike forvaltning-, overvaking- og planleggingsverktøy (f.eks. GIS eller, Natur i Norge (NiN) ).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kjennskap til sentrale tema innan miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging
  • har innsikt i relevante forvaltningssystem

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kjelder, metodar og teoriar om miljø, naturforvaltning og arealplanlegging i Norge
  • kan gjennomføre ein mindre, sjølvstendig og kritisk forskningsbasert analyse, på eigen hand eller saman med andre

Generell kompetanse

Studenten

  • har opparbeidd avansert kompetanse om sentrale spørsmål innan naturforvaltning og arealplanlegging, og korleis slik kunnskap kan framstillast skriftleg.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i geografi eller tilsvarande bakgrunn.

Tilrådde forkunnskapar

GEO113, GEO212/281/282, GEO215, GEO291/292/293

Krav til studierett

Kurset er ope for studentar på masternivå som fyller kravet til forkunnskapar. GEO329 er eit særemne, og kan difor gå inn i det obligatoriske kravet om to særemne i mastergraden i geografi.

Arbeids- og undervisningsformer

3 - 5 forelesingar

2 - 3 seminar

Eige feltarbeid

Rettleiing etter avtale

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i prosjektarbeidet og seminarundervisning

Vurderingsformer

Vurdering av gruppe-feltrapport. Individuell justerande munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO329 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no