Hjem
Utdanning
Masteremne

Mastergradsfeltkurs i naturgeografi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEO341
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og feltkurs frå Måløy i ytre Nordfjord til Østerdalen

Mål og innhald

Målet med emnet er at studenten skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig naturgeografisk/kvartærgeologisk feltundersøking, utarbeide eit kvartærgeologisk kart og skrive ein avsluttande rapport frå feltundersøkingane. For å førebu studentane på feltkurset, vert ulike tema frå faglitteraturen nytta som grunnlag for gruppevise temarapportar som vert presentert av studentane på eit eige seminar nokre dagar før avreise på feltkurset.

Under feltkurset vert det gjeve ei innføring i naturgeografiske/kvartærgeologiske feltmetodar og kartleggingsteknikkar. Første og siste del av feltkurset består av ekskursjon til utvalde kvartærgeologiske lokalitetar i Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen. På nokre av lokalitetane utfører studentane sjølvstendige undersøkingar enten individuelt eller i mindre grupper. Studentane skriv individuelle dagboksrapportar frå ekskursjonsdagane som dannar grunnlag for oppdatering av dei gruppevise temarapportane.

Under kartleggingsdelen vert studentane delt inn i mindre grupper som under rettleiing utarbeider kvartærgeologiske kart over utvalde områder. Kvartærgeologiske avsetningar vert beskrive og deira danning vert diskutert og tolka. Kartleggingsdelen (3 fulle dagar) dannar grunnlag for ein gruppevis rapport som vert innlevert mot slutten av feltkurset.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan forklare sentrale glasiologiske omgrep og definisjonar.
  • kan forklare korleis temperaturregime (polar/temperert) i breen innverkar på erosjons- og avsetjingsformer
  • kan forklare korleis småskala erosjons- og avsetningsformer er danna.
  • kan forklare korleis glasiale landformer er danna.
  • kan forklare danningsmåte og klassifikasjon av glasiale avsetningsformer
  • kan forklare korleis smeltevassavsetningar kan nyttast til å rekonstruera innlandsiser
  • kan forklare korleis ein kan rekonstruera flaumar attende i tid
  • har kunnskapar om kvartærgeologien og einskildlokalitetar i områda vi besøker under feltkurset

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere sjølvstendige feltobservasjonar og kan skrive feltdagbok
  • kan kjenne att geologiske prosessar og glasialgeologiske erosjons- og akkumulasjonsformer i feltområdet.
  • kan kjenne att område innverka av høvesvis polare og tempererte brear.
  • kan kjenne att glasifluviale avsetningar og landformar og veit korleis dei kan nyttast til å rekonstruere kontinentale isdekker.
  • veit korleis ein kan rekonstruere paleoflommar.
  • kan analysere og framstille kvantitative data ved å nytte metodar tilpassa feltundersøkinga.
  • kan utarbeide eit kvartærgeologisk kart etter ein oppgjeven standard

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utføre ei praktisk feltoppgåve i samsvar med retningslinene for høveleg framferd og sikkerheit ved Universitetet i Bergen.
  • kan skrive ein feltrapport anten aleine eller i ei lita gruppe gjennom å nytte eit presist naturgeografisk/geologisk fagspråk til å beskrive og diskutere geologiske prosessar og hendingar.
  • kan tolke og lage grafar og figurer.
  • Kan grunngje tolkingar og gjere høvelege analysar gjennom å sette eiga arbeid i ei vidare samanheng ved å finna og referere reieleg til relevant faglitteratur.
  • kan erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i og innverknad på GEO-systemet.

Krav til forkunnskapar

GEO212, GEO291 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

GEO215, GEO217

Studiepoengsreduksjon

  • GEOL109 (10 sp)
  • GEOL225 (10 sp)
  • GEOV225 (10 sp)

Krav til studierett

Ope for studentar som er tatt opp på masterprogrammet i geografi med studieretning naturgeografi, men talet på plassar er avgrensa. Om det er kapasitet kan studentar som har søkt og fyller vilkåra for opptak på masterprogrammet i geografi med studieretning naturgeografi, eller tilsvarande, komme med. Om emnet har kvalifiserte utvekslingsstudentar vil det verte undervist på engelsk. Utvekslingsstudentar kan søkje til Institutt for geografi via e-post: studieveileder@geog.uib.no. Frist for søknad vil til vanleg vere omlag 25. januar kvart år (vil verte annonsert).

Arbeids- og undervisningsformer

  • Seminar
  • 10 (11) dagars ekskursjon/feltkurs.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Seminar
  • Gruppevis tematisk rapport
  • Munnleg presentasjon av tematisk rapport
  • Individuell munnleg test basert på tematisk rapport og pensum
  • Deltaking på ekskursjon og feltkurs

Obligatoriske krav kan berre gjennomførast ein gong, og er gyldige frå det semesteret dei blir gjennomført.

Vurderingsformer

Gruppe feltrapport

Karakterskala

Bestått/ikke bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Emneevaluering

GEO341 vil verte evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no