Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Planlegging og samfunn

Beskrivelse

Kurset gir ei innføring og fordjuping i nyare kritisk planleggingsteori. Det vert lagt særleg vekt på å få fram kva respons lokal og regional samfunnsplanlegging møter og kan møte den global flyten av idear, kapital og menneske med. Ei sentral problemstilling i kurset er kva det vil seie å planlegge innanfor romleg kompleksitet. Kurset vektlegg såleis korleis ulike geografiske nivå spelar inn i lokale og regionale planleggingsprosessar.

Det blir lagt særleg vekt på korleis new public management og nyliberalistiske styringssystem samspelar med politiske og ideologiske tilhøve, det økonomiske, det sosiale og materielle tilhøve. I undervisinga blir det lagt vekt på å eksemplifisere og å diskutere ulike praktiske og teoretiske tilnærmingar innan planlegging i lys av kontekstuelle føresetnader.

Målgruppe

Kurset rettar seg mot deg som arbeider med eller ønsker å arbeide med samfunnsplanlegging på lokalt, regionalt, nasjonalt eller globalt nivå.

Undervisning

Undervising blir gitt som forelesningar, seminar og feltstudiar. 

Undervisningsplan hausten 2019
Veke 39:

23.09. kl 12.15-17.00

24.09. kl 12.15-17.00

25.09. kl 09.15-14.00

Veke 40:

03.10. kl 10.15-12.00

Veke 42:

17.10. 10-15-12.00

Veke 44:

28.10. kl 12.15-17.00

29.10. kl 12.15-17.00

30.10. kl 09.15-14.00

Veke 49:

02.12. kl 12.15-17.00

Vurdering / eksamen

Vurderingsforma er innlevering av 4 skriftlege oppgåver, som alle må vere bestått for å få karakter.

Oppgåve 1 tel 10 %, oppgåve 2 og 3 tel 25 % kvar, medan den 4. og siste oppgåve tel 40 %.

Innlevering av oppgåvene:
1 - veke 41
2 - veke 43
3 - veke 45
4 - veke 46

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år som søker opptak til vidareutdanning, blir tekne opp på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse, som du ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse (GSK).

Anbefalte forkunnskaper

Grunnleggjande kunnskap i geografi og samfunnsvitskap og basiskjennskap til samfunnsplanlegging.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:


UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For faglege spørsmål:

Institutt for geografi
55 58 30 62
studieveileder@geog.uib.no


Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Fire oppgåver

    Trekkfrist
    27.09.2019
    • Eksamensdel: Oppgåve 1

      Innleveringsfrist
      11.10.2019, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 2

      Innleveringsfrist
      25.10.2019, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 3

      Innleveringsfrist
      08.11.2019, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Oppgåve 4

      Innleveringsfrist
      29.11.2019, 14:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Haust 2019
Kursdato: 23.09.2019 -
Pris: Ikkje studieavgift
Søknadsfrist: Frist utløpt