Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Atmosfære- og havfysikk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gjennomgå grunnleggjande eigenskapar i meteorologi og fysisk oseanografi på ein kvantitativ måte. Vekselverknaden mellom hav og atmosfære er ein sentral del av det fysiske klimasystemet. For havet gjennomgåast verknaden av vind i form av Ekmanlag og Ekmantransport, geostrofisk kraftbalanse, enkle blandingsprosessar og effekter av virvler, krefter for tidvatn, bølgjelikninger og global sirkulasjon. For atmosfæren vert det lagt vekt på grunnleggjande termodynamikk, skyfysikk og grunnprinsippa i stråling og deira vekselverknader. Som ein del av emnet deltar studentane på eit tokt med både oseanografisk og meteorologisk feltarbeid. Studentane utfører òg laboratorieeksperiment og lærer bruk av vanlege måleinstrument og tolking av operasjonelle vêrmålinger.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- er kjent med fagterminologi for dei sentrale prosessane i hav og atmosfærefysikk

- forstår dei grunnleggjande prinsippane innan atmosfærisk termodynamikk, stråling, mikrofysikk og dynamikk

- er kjent med enkle modellar for havsirkulasjon slik som estuarin sirkulasjon og Ekmantransport

- forstår geostrofisk strømning som ein grunnleggende sammenheng mellom trykkgradient og Corioliskraft i hav og atmosfære

- er kjent med ulike typar måleinstrument for atmosfæren og havet samt typiske feilkilder

- forstår samanhengen mellom ulike atmosfæriske prosessar i ulike værsystem

- er kjent med turbulente og molekylære blandingsprosessar i havet

- forstår dei ulike fluksar av varme, bevegelsesmengd og masse i og mellom hav og atmosfære

Ferdigheiter

Studenten

- kan tolke atmosfæriske måledata frå verstasjoner, radiosonder, værradar og værsatellitt

- kan bruke programvare for å analysere aktuelle og varslede versituasjonar

- kan klassifisere og berekne eigenskapar for dei ulike bølgjetypane i havet

- kan forklare dei fysiske prosessane som driv tidevatn og endingar i havnivå

- kan berekne tilstand, fluksar og prosessar i hav og atmosfære med bruk av oppgitte likningar og metoder.

- kan utføre enkle meteorologiske og oseanografiske observasjoner i felt og laboratoriet

- kan gjere bruk av programmeringsverktøy for å analysere data og lage figurar

Generell kompetanse

Studenten

- kan beskrive, analysere og rapportere observasjonar frå laboratorieeksperiment

- kan planleggje og gjennomføre enkle felteksperiment under veiledning

- kan framstille resultat frå gruppearbeid som skriftlig rapport og presentasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

MAT111, GEOF100, MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111, INF100

Studiepoengsreduksjon

GEOF120 5 stp, GEOF130 5 stp.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar, tokt, laboratorieeksperiment, rekneøvingar, og seminar.

Studentane skriv toktrapport og har presentasjon. 6 rekneøvingar, og 3 laboratorieeksperiment.

Aktivitet: 4 timar forelesning og 2 timar laboratoriearbeid eller rekneøvingar pr. veke i 15 veker

Tokt: ett døgn

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på toktplanlegging, deltaking på tokt, godkjend toktrapport og presentasjon.

Det er obligatorisk å delta i 3 laboratorieeksperiment.

Det er obligatorisk å levere ein labrapport, samt ei verrapport.

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent og tre etterfølgjande semester.

Vurderingsformer

De to obligatoriske innleveringar tel 15% kvar, og 5 timar skriftleg slutteksamen tel 70% av endeleg karakter

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF120 5 ETCS, GEOF130 5 ETCS

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    17.12.2018, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    03.12.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen