Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Atmosfære- og havfysikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gjennomgå grunnleggjande eigenskapar i meteorologi og fysisk oseanografi på ein kvantitativ måte. Vekselverknaden mellom hav og atmosfære er ein sentral del av det fysiske klimasystemet. For havet gjennomgåast verknaden av vind i form av Ekmanlag og Ekmantransport, geostrofisk kraftbalanse, enkle blandingsprosessar og effekter av virvler, og global sirkulasjon. For atmosfæren vert det lagt vekt på grunnleggjande termodynamikk, skyfysikk og grunnprinsippa i stråling og deira vekselverknader. Som ein del av emnet deltar studentane på eit tokt med både oseanografisk og meteorologisk feltarbeid. Studentane utfører òg laboratorieeksperiment og lærer bruk av vanlege måleinstrument og tolking av operasjonelle vêrmålinger.

Sjå video fra kurset: https://player.vimeo.com/video/317848387

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal kunne:

  • bruke fagterminologi til å beskrive og vurdere sentrale prosessar i hav- og atmosfærefysikk
  • Gjenkjenne utledning av fundamentale likningar som skildrar prosessar i hav- og atmosfærefysikk, slik som adiabatiske prosesser, hydrostatisk balanse og stråling
  • skildre dei grunnleggjande prinsippane innan atmosfærisk termodynamikk, stråling, mikrofysikk og dynamikk
  • forklare korleis atmosfæren og jordrotasjonen påverkar havsirkulasjonen og skissere enkle modellar for havsirkulasjon
  • skissere estuarin sirkulasjon og Ekmantransport
  • gjere greie for geostrofisk balanse og gi eksempler på system med geostrofisk strøm
  • gjengi måleprinsipp tl ulike typar måleinstrument for atmosfæren og havet og kunne diskutere typiske typiske feilkilder for instrumenta
  • skildre samanhengen mellom ulike atmosfæriske prosessar i ulike værsystem
  • definere og greie ut om ulike fluksar av varme, ferskvatn, rørslemengd og masse i og mellom hav og atmosfære

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tolke atmosfæriske måledata frå verstasjoner, radiosonder, værradar og værsatellitt
  • bruke programvare for å analysere aktuelle og varslede versituasjonar
  • berekne tilstand, fluksar og prosessar i hav og atmosfære med bruk av relevante likningar og metoder
  • skissere utvikling av blandelag som vert påverka av ulike fluksar (temperatur, ferskvatn) eller vind
  • utføre enkle meteorologiske og oseanografiske observasjoner i felt og laboratoriet
  • bruke programmeringsverktøy for å lage figurer, samt analysere og diskutere måledata

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • skildre, analysere og rapportere observasjonar frå laboratorieeksperiment og tokt
  • planleggje og gjennomføre enkle felteksperiment under veiledning
  • framstille resultat frå gruppearbeid som skriftlig rapport og muntlig presentasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT111, GEOF100, MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111, INF100

Studiepoengsreduksjon

GEOF120 5 stp, GEOF130 5 stp.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar med fokus på aktiv læring, tokt, laboratorieeksperiment, rekneøvingar, og seminar.

Studentane skriv toktrapport og har presentasjon. 6 rekneøvingar, og 3 laboratorieeksperiment.

Aktivitet: 4 timar forelesning og 2 timar laboratoriearbeid eller rekneøvingar pr. veke i 15 veker

Tokt: ett døgn

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaging i introduksjonsforelesinger (2 forelesinger)

Deltaking på toktplanlegging, deltaking på tokt, godkjend toktrapport og presentasjon. Det er obligatorisk å delta i 3 laboratorieeksperiment.

Deltaking i oppsending av radiosonde.

Fullføre tre quizar relatert til rekneoppgåver

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent og tre etterfølgjande semester.

Vurderingsformer

Ein labortorierapport i oseanografi (individuelt arbeid) tel 15 prosent.

Ein laboratorierapport i meteorologi (grupperapoport+ presentasjon) tel 15 prosent.

Laboratorierapportane er gyldige i semesteret dei vert levert og i eitt påfølgande semester.

Ein 4-timar skriftleg slutteksamen tel 70% av endeleg karakter, og må vere bestått.

Studentane kan oppnå 7,5 prosentpoeng bonus på den skriftlege eksamenen gjennom å bestå 10 quizzar relatert til førebuingsarbeid til forelesingar.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: SAMMENSATT

    Trekkfrist
    17.11.2021
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen

      Dato
      01.12.2021, 09:00
      Varigheit
      4 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted
    • Eksamensdel: Laboratorierapport

    • Eksamensdel: Laboratorierapport