Dataanalyse i meteorologi og oseanografi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGEOF210
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk. Norsk om berre norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor og master
Undervisningssemester
Haust.
Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i statistiske metodar for analyse av observerte og numerisk modellerte storleikar i oseanografi og meteorologi. Dette inkluderer deskriptiv statistikk for å kvantifisere eigenskapar i eit datasett og statistisk inferens for å teste hypotesar og dra slutningar om ukjente aspekt ved ein populasjon og deira uvisser. Emnet vil vidare omhandle meir spesifikke metodar for analyse av romlege data og tidsrekkjer, til dømes empiriske ortogonale funksjonar, frekvensanalyse og filtrering. Teorien vil bli nytta på geofysiske problemstillingar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan berekne og drøfte grunnleggjande statistiske eigenskapar
- kan velje og nytte hensiktsmessige statistiske modellar for å dra slutningar om ein populasjon og talfeste uvissa knytt til dette basert på eit utval data
- kan greie ut om styrkar og avgrensingar til ulike analysemetodar ofte nytta til geofysiske problemstillingar
Ferdigheiter
Studenten
- kan handsame og systematisere observasjons- og modelldata for statistisk analyse
- kan berekne korrelasjon og regresjon mellom tidsrekkjer
- kan teste hypotesar og estimere konfidensintervall
- kan identifisere romleg struktur i data
- kan finne frekvensfordelinga i ei tidsrekkje og nytte hensiktsmessige filter
- kan tolke og lage figurar og diagram
- kan utføre analyse på store datasett ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte statistiske metodar for å analysere geofysiske data
- kan presentere resultat av ein analyse i ein vitskapleg rapport
Krav til forkunnskapar
GEOF105 Atmosfære- og havfysikk eller tilsvarende.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning 3 timar pr. veke.
Øvinger 2 timar pr. veke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent prosjektoppgåve
Gyldig i 4 semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.
Vurderingsformer
Prosjektoppåva må vere bestått for å gå opp til eksamen. Slutteksamen, skriftleg 4 timar.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@gfi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Geofysisk institutt
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her:
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 24.02.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 10.02.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 3. etg.