Numerisk modellering
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeGEOF211
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk. Norsk om berre norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 sp.
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor og master
Undervisningssemester
Vår Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:Emnet har som mål å bruke numeriske metodar til å løyse enkle problem i væskedynamikk. Vi vil drøfte styrke og veikskap til ulike skjema for adveksjon, svingingar og bølgjeprosesser samt diffusjon.
Innhald: Emnet gir ein oversikt over dei numeriske metodane som vi brukar til å løyse dei partielle differensiallikningane (til dømes gruntvasslikningene) i meteorologi og oseanografi. I tillegg til metodane vi brukar for å løyse startverdiproblem vil emnet òg vise korleis ein kan løyse diagnostiske randverdiproblem med gissing og retting.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
KunnskaparStudenten
- veit korleis ein numerisk modell blir laga og korleis ulike numeriske skjema påverkar modellresultata
- kan teste om eit numerisk skjema er stabilt
- kan drøfte korleis oppløysinga av dei ulike skalaene påverkar modellresultata, og skilje mellom fysiske effektar og kunstige modell-effektar
- veit korleis ein gissar og retter seg fram til løysinga av eit randverdiproblem
FerdigheiterStudenten
- kan diskretisera ei likning på ein konsistent måte, og seie kor nøyaktig tilnærminga er
- er i stand til å finne ut om dei ulike feilkjeldene som kan dukke opp i modellresultata, slik som fasefeil og dempingsfeil
- kan drøfte kva for avgrensingar ein numerisk modell har
Generell kompetanseStudenten
- kan bruke programmeringsverktøy til å gjere numeriske berekningar
- kan bruke numeriske modellar som verktøy til å løyse dynamiske problem i meteorologi og oseanografi
- forstår fagterminologien som blir brukt i modellering
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Kjennskap til programmering.
Studiepoengsreduksjon
MAT258 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesningar, arbeid med praktiske oppgåver og rekneøvingar.
Førelesningar og rekneøvingar, totalt 4 timar pr. veke i 15 veker
Rekneøvingar vert avtala, og finn stad i timar som det elles ville ha vore førelesningar i. Arbeidet med dei praktiske modelloppgåvene er sjølvsstudium, men visse problem knytt til arbeidet kan bli teken opp i førelesningane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte på 80 % av øvingane.
Vurderingsformer
Emnet har mappevurdering basert på 5 oppgåver levert gjennom semesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling og enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Emnet eigast av Geofysisk institutt.
Kontakt