Hjem

Utdanning

Masteremne

Fysisk klimatologi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, master

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje kunnskap om faktorar som påverkar klima på jorda.

Innhald:

Emnet gjev kunnskap om dagens klima og om variasjonar i klima i fortid, notid og framtid. Det fokuserer på dei fysiske prinsippa som styrer det globale energibudsjettet, rollane til sirkulasjonen i atmosfæren og havet, og vekselverknaden mellom dei ulike komponentane i klimasystemet. Emnet tek for seg dei fysiske mekanismane som fører til klimaendring grunna overflatetype (is, snø, vegetasjon, etc.), atmosfæren si samansetting av gassar og partiklar, skyer og astronomiske forhold. Emnet går også gjennom klimavariasjoner som følgjer av vekselverknader i klimasystemet (for eksempel El Niño). I tillegg er omgrepa naturlige klimavariasjoner og menneskeskapte klimaendringer diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- kjenner til dei sentrale omgrepa i klimafysikken

- kjenner til hovudtrekka til sirkulasjonen i atmosfære og hav, og tilhøyrande energitransport

- kjenner til dei grunnleggjande meknismane for storskala variasjonar og endringar i klima

- kjenner til dei viktigaste tilbakekoplingane i klimasystemet

Ferdigheiter

Studenten

- kan rekna ut og tolka det globale energibudsjettet

- kan rekna på endringar i klima grunna eksterne faktorar som skuldast sola, vulkanar og endringar i innhaldet av drivhusgassar i atmosfæren

- kan forklara opphav og resultat av naturleg klimavarabilitet og menneskeskapt klimaendring

- kan forklara hovudtrekka som globale klimamodellar byggjer på og kjelder til uvisse

- kan analysera globale klimadata

Generell kompetanse

Studenten

- kan forklare foaktorane som avgjer klima og klimaendringar

- kan nytta vitskapleg programmeringsverkty for å rekna på globale data

- kan førebu og halde vitskaplege presentasjonar, og kan diskutere vitskaplege resultat i tråd med og vitskapleg praksis

- kan diskutere menneskeskapt klimaendring, inkludert uvisse i modellframskrivningar

Krav til forkunnskapar

GEOF105 og GEOF110 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

God kjennskap til dynamikk, meteorology og oseanografi, I tillegg til grunnleggjande kunnskap i matematikk, fysikk og programmering.

Studiepoengsreduksjon

Fagleg overlapp med AGF-213 (5 ECTS) og AGF-214 (5 ECTS) på UNIS. Saman vil emna gi fritak for GEOF212 i Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi. MNF344: 5 ECTS

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

2 førelesingar á 2 timar pr. veke inkludert øvingar med gruppeleiar.

I forelesingane er studentane aktivt med på oppgåveløysing og av diskusjonar i etterkant. Studentane presenterer semesteroppgåva si for studentgruppa og diskuterer i etterkant. Studentane vurderer kvarandre sine prosjekt medan gruppeleiar og forelesar gjer den endelege vurderinga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av semesteroppgåve og frammøte på 70 prosent av øvingane er obligatorisk. Unntak kan bli innvilga etter søknad til programstyret for meteorologi og oseanografi.

Vurderingsformer

 I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

- Presentasjon av Semesteroppgåve midt i semesteret; tel 20% av sluttkarakteren og er gyldig i to semester, semesteret ho blir godkjent og påfølgande semester

- Skriftleg slutteksamen, 4 timar; tel 80% av sluttkarakteren og må vere bestått

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplete fakulte v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar@gfi.uib.no

Tlf 55 58 28 93

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen og presentasjon av semesteroppgåve

    Trekkfrist
    30.01.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen