Hjem
Studentsider
Masteremne

Fysisk meteorologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOF220
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, master

Undervisningssemester

Vår
Emnet inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål
Målet for emnet er at studentane skal få ei grunnleggjande forståing av fysiske prosessar i atmosfæren, då særleg knytt til solstråliong, terrestrisk stråling, faseovergangar, skyprosessar og nedbør, og korleis prosessane påverkar kvarandre i ulike vêrsituasjonar.

Innhald
I emnet vil ein nytte typiske vêrsystem på høge og midlere breiddegrader, som ekstratropiske syklonar, frontar, polare lavtrykk, kaldluftsutbrot, konvektive system og antisyklonar, for å forstå prosessane og kva rolle dei ulike fysiske prosessane i atmosfæren speglar. I strålingsdelen tek emnet føre seg kva for fysiske strålingsprosessar som skjer ved transport av solstråling og terrestrisk stråling i atmosfæren. Her blir både den spektrale og romlege fordelinga av strålinga diskutert. I emnet vert det også sett på kortbølgja og langbølgja stråling ved overflata, då særleg med fokus på variasjonar i stråling både i rom og tid på lokal skala og korleis dette vert knytta til ulike vêrsystem. Skyfysikkdelen startar med ein kort introduksjon om skyformer og -struktur og skyobservasjonar (visuelt frå bakken og frå satellittar frå verdensrommet). I skyfysikken blir grunnleggjande termodynamikk og bruken av denne i atmosfærisk studiar, inklusivt adiabatiske prosessar og atmosfærisk stabilitet for ein luftpakke, repetert, noko som fører til ei kvantitativ forståing av kondensasjonsprosessar. Aerosolar og deira rolle som kondensasjonskjerner blir introdusert. Utviklinga av hydrometeorar er skildra, saman med relevante fysiske prosessar og utleiingane av dei viktigaste likningane. Det startar med kondensasjonen og vekst ved diffusjon på aerosolar og går vidare med mekanismar for vidare vekst, inkludert kollisjon og koalesens der dessutan isfasen er involvert. Typiske fordelingar av partikkelstorleiken av hydrometeorar blir presentert og diskutert. Relevante målemetodar (nedbørsmålar, distrometer, regn-og skyradar, passiv mikrobølgeradiometri) og måleinstrument blir introdusert og diskutert, då særøeg med omsyn til usikkerheiter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kjennskap til korleis strålingsforholda og skyfysikken er i ulike vêrtilhøve på midlere og høge breidder.
  • har god forståing av dei ulike fysiske prosessane som skjer ved strålingstransport av solstråling og terrestrisk stråling gjennom atmosfæren (spreiing, absorpsjon, emisjon) og kva rolle overflata spelar
  • forstår korleis kort- og langbølgja stråling ved jordoverflata kan variere både i rom og i tid
  • har avansert forståing av atmosfærisk termodynamikk og kva dette betyr for danning av skyer og nedbør
  • har utvida kunnskap om prosessane som fører til at vassdamp i atmosfæren blir omdanna til skypartiklar og til slutt nedbør
  • har generell kunnskap om instrumentering og måleprinsipp for vassdamp og nedbør

Ferdigheter

Studenten

  • kan gje eit overslag over effekten som gassar og skyer i atmosfæren og ulike overflater har på solstråling og terrestrisk stråling
  • kan gjere overslag over variabiliteten, både i tid og rom, av solstråling og terrestrisk stråling ved overflata og setje dei i samanheng med ulike vêrsystem
  • kan nytte grunnleggjande termodynamiske lover for å utleie det settet av likningar som trengs for å beskrive mikrofysikken i kondensasjon og danning av dropar
  • kan utføre og tolke manuelle/visuelle skyobservasjonar
  • kan setje ulike atmosfæriske observasjonar i samanheng med ulike vêrsystem

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere lokale variasjonar i kort- og langbølgja stråling i rom og tid
  • kan vurdere kva rolle og betyding atmosfæriske aerosolar har for klimasystemet, både direkte og indirekte effekt av aerosolar
  • kan vurdere kva rolle og kor viktig dei ulike fysiske prosessane er i typiske vêrsystem på midlere- og høge breidder
  • kan vurdere kva rolle og betyding vatn i form av damp, væske og is i atmosfæren har på den hydrologiske syklusen og kva effekt den har på solstråling og terrestrisk stråling
  • kan vurdere rollen til og korleis samspelet er mellom mikro- og makrofysikken i skyer og kor viktig dette er for eit bredt spekter av atmosfæriske prosessar, frå lokal til global skala

Krav til forkunnskapar

MAT111, PHYS111 og GEOF105 eller tilsvarande emne.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

2 førelesingar á 2 timar pr. veke
Presentasjon av instrument for måling av stråling og nedbør, og prinsippa for desse. Innlevering av oppgåver, inkludert eit casestudy med gjennomgang. Skyobservasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

4 godkjende oppgåver.

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Karakterskala bestått/ikkje bestått i staden for A-F

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@gfi.uib.no

Tlf 55 58 26 04

Eksamensinformasjon