Praktisk meteorologi og oseanografi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOF232
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner måleprinsippa for standard atmosfærisk instrumentering for trykk, lufttemperatur, fuktigheit, vind og nedbør
- kjenner måleprinsippa for standard oseanografisk instrumentering for temperatur, salinitet og havstraum
- forstår kva det vil seie å velje representativ plassering av måleinstrument
- kjenner dei viktigaste feilkjeldene og typisk nøyaktigheit for atmosfærisk og oseanografisk instrumentering
- kjenner utviklingshistoria til observasjonssystemene og veit kva dei kan og ikkje kan
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere i kor stor grad målingar frå ein vêrstasjon er representative
- kan arbeide med innsamling, prosessering og tolking av eigne måledata
- kan vise måledata korrekt og informativt for vitskapleg tolking
- kan samanstille data frå ymse sensorar og målestader
- kan dokumentere prosedyrer og resultat i ein samla rapport
Generell kompetanse
Studenten
- er istand til å utvikle hypotesar og målestrategiar for feltarbeid i meteorologi og oseanografi
- kan arbeide sjølvstendig og i samarbeidande gruppe på ei eigendefinert problemstilling
- kan presentere og diskutere eigne måleresultat opp mot prosessar i eit kopla hav-atmosfæresystem, både skriftleg og muntleg.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår, emnet går kun dersom nok studentar melder seg. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 3.
Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.
Legg merke til at GEOF232 og GEOF337 ikke kan takast parallelt.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Planleggings- og gruppemøter (2 timar per veke)
Meteorologisk feltarbeid (oppsett, vedlikehald, demontering) og/eller tokt
Besøk til bedrifter og offentlege institusjonar involvert i operasjonelle observasjonar eller instrumentutvikling
Sjølvstendig gruppearbeid med et gruppemøte per veke
Avsluttande minikonferanse med individuelle presentasjonar.
Ferdigstilling av rapport for evaluering
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret den blir godkjent.