Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Kjemisk oseanografi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEOF236
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet gir ein grunnleggjande introduksjon til kjemisk oseanografi og nyttige metodar brukt innanfor analytisk arbeid og modellering for å tolke fordeling av stoffer og identifisere prosessar som gjev opphav til romleg fordeling i havet.

Innhald:

Fokuset tek for seg både den naturlege førekomande og den menneskeskapte globale karbonsyklusen, samt sentrale prosessar som gir endringar i andre biokjemiske syklusar og i jordsystemet. Sentrale tema er den globale (termohaline) havsirkulasjonen, biologisk produksjon, remineralisering og eksport av organisk materiale, fordeling av radioaktive og stabile isotopar brukt til datering av vassmassar og for å identifisere vatnet sitt opphav, utrekning av blandingsgrad og transport av kjemiske komponentar. Utveksling mellom luft og hav, den biologiske pumpa, krinsløp til viktige næringsemne som nitrogen, fosfor og silikon vil òg vere sentrale tema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

¿ har ein brei oversikt over sentrale delar av kjemisk oseanografi

¿ kjenner til den dei kjemiske stoffa i havet

¿ kjenner til prosessar som styrer fordelinga av kjemiske stoff i vasssøyla og i sediment

¿ har kunnskap om vekselverknaden mellom sediment, vassøyla og atmosfæren

Ferdigheiter

Studenten

¿ er i stand til å rekna opptaket av karbon både for eit naturleg førekomande og menneskeskapt hav-atmosfæresystem basert på analytiske data og modelldata

¿ er i stand til å avgjere korleis den biologiske pumpa har innverknad på dei kjemiske stoffa i havet basert på støkiometri

¿ er i stand til å identifisere prosessar som er viktig for utvekslinga mellom luft og hav

¿ er i stand til måle og tolke eksperimentelle data og oppsummere resultata i ein kort labrapport.

¿ er i stand til å tolke resultat baser på modellering i en kort rapport.

Generell kompetanse

Studenten

¿ kan arbeide med og systematisere data i kjemisk oseanografi for å identifisere underliggande prosessar som gir opphav til fordelinga av kjemiske stoff i havet

¿ har eit grunnlag for å forbetre kunnskap om kjemisk oseanografi, dersom kandidaten ynskjer å ta til med master i kjemisk oseanografi

Krav til forkunnskapar

GEOF105 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggande kjennskap til uorganisk kjemi og noko organisk kjemi er ein fordel.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar/4 timar pr.veke

Øvingar/1 time pr. veke

Laboratoriearbeid med målingar: 1 dag

Laboratoriearbeid med modellering: 1 dag

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på førelesningar, øvingar og to laboratoriekurs (labaratoriekurs og modelleringskurs). Skriftleg samandrag for begge laboratoriearbeida.
(Gyldig i fire semester: det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon