Hjem
Utdanning
Masteremne

Turbulens i atmosfærens og havets grenselag

Undervisningssemester

Haust, ved behov.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål
Emnet har som mål å gi studentane bakgrunn for ein grunnleggjande beskriving av turbulens og blanding i grenselaget i atmosfære og hav, og for å vurdere den relative rolla av turbulens i prosessar relatert til meteorologi, oseanografi og klima.

Innhald
Gi ein introduksjon til turbulens og turbulente utvekslingsprosessar for grenselaget i atmosfæren og blandingslaget i havet. Emnet dekkjer homogen turbulensteori, definisjon og måling av turbulente fluksar og påverknad av sikting i grenselaget i atmosfæren og havet. Budsjettlikningane for den turbules er utleia og dei ulike ledda er diskuterte. Diverse teoretiske modellar basert på forenkling av budsjettlikningane er introduserte og deira praktiske betyding for måling og dataanalyse er framheva. Vekselverknaden mellom luft-hav og luft-hav-is er diskutert kortfatta i samanheng med turbulens under sjøis. Profilar til temperatur og hastigheit og turbulente fluksar er beskrivne og diskuterte for ulike drivkrefter. Ein oversikt over dei mest vanlege instrumenta og målemetodar er gitt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 Kunnskap

Studenten

- har ei grunnleggjande forståing av dei mest sentrale trekka i turbulente grenselag i atmosfære og hav

- har innsikt i spektral utvikling av turbulens og dei dominerande ledda i budsjettlikningane for turbulens

- har kunnskap om kjelder og mekanismar som driv turbulensen i hav og atmosfære og på grensa mellom dei

 Fedigheiter

Studenten

- kan rekne ut og tolke viktige parametrar i turbulens ved å bruke direkte og indirekte metodar frå tilsvarande datasett

- kan velge relevant instrumentering og metode for å måle og analysere data for å beskrive nøkkelparametrar og fluksar for turbulens i atmosfæren og havet

- kan estimere og diskutere blanding og spreiing av eigenskapar under forskjellige drivkrefter

Generell kompetanse

Studenten

- kan vurdere kva for rolle turbulent blanding har for den globale sirkulasjonen for lagdelinga i havet

- kan vurdere rolla til turbulens for struktur og dynamikk for blandingslaget i atmosfæren

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi, Bachelor i klima, atmosfære- og havfysikk eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

GEOF311: 5 ECTS 

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytta til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

2 forelesingar á 2 timar + 1 time pr. veke i 15 veker

1 rekneøvingar á 1 time pr. veke i 15 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av to oppgåver er obligatorisk.

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning ,er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent på Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon