Hjem

Utdanning

Masteremne

Modellar og metodar i numerisk vêrvarsling og klimaprediksjon

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOF321
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet. .
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår. Emnet går kun dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

GEOF321 dekker oppbygging og bruk av moderne modellar for numerisk vêrvarsling og klimaprediksjon. Dette inkluderer dataassimilasjon, verifikasjon, og ensemble prognosar. I den første delen, blir elementet av numeriske modellar for vêr- og klimaprediksjon forklart, og rettleiing til tolking blir gitt. Svakheitar og atterhald grunna oppløysing i rom og tid, val av parameteriseringar, og frå grense- og startverdiar blir undersøkt, og diskutert i relasjon til begrensningar i operasjonell varsling. I den andre delen, vil emnet dekke verifikasjonsmetodar, metodar for dataassimilasjon, aspektar av prediktabilitet og ensembleprognosar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til korleis numeriske vêrvarsling- og klimamodellar er bygd opp
  • kjenner til den historiske utviklinga av vêrvarsling og klimamodellering
  • kjenner til vanleg nytta skjema for parameterisering av turbulente fluksar, skyeigenskapar og konveksjon av fukt
  • kjenner til korleis dataassimilering, prediktabilitet og ensemblevarsling vert gjort
  • kjenner til numeriske, reknemessige og generelle avgrensingar til numeriske vêrvarslingsmodellar
  • kjenner til gjennomføringa av og utfordringar til operasjonell vêrvarsling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdera usikkerheit til vêrvarsel
  • kan relatera modellusikkerheit til relevante atmosfæriske prosessar
  • kan plotta og analysera numeriske vêrvarsel ved hjelp av ulike programvare og programmeringsspråk
  • kan nytta vanlege metodar for å verifisera vêrvarsel
  • kan tolka resultat frå deterministiske og ensemble-baserte varslingssystem

Generell kompetanse

Studenten

  • kan førebu korte og mellomlange vêrvarsel
  • kan analysera og diskutera strategiar for å forbetra varslingssystem
  • kan vurdera strategiar for operasjonell, numerisk vêrvarsling

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF211, GEOF220, samt GEOF311 eller GEOF310, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

2 førelesingar à 2 timar pr. veke
1 rekneøving à 2 timar pr. veke
2 gruppediskusjoner

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Minimum 1/3 oppmøte på forelesning og regelmessig oppmøte på rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar.

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeiedskrav vert godkjent + tre etterfølgjande semester.

Innlevering av 2 rapportar. Deltaking i 2 gruppediskusjonar.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen, 40 minutt, må vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar@gfi.uib.no

Tlf 55 58 28 93

Eksamensinformasjon