Hjem
Studentsider
Masteremne

Mesoskala dynamikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Undervisningssemester

Haust. Emnet går dersom nok studentar melder seg.

Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å introdusere studentane til atmosfæriske fenomen på skalaar frå eit par 100 meter til nokre få 100 kilometer, som vert omtala som mesoskala. Framfor alt vil studentane lære å identifisere og karakterisere ulike mesoskalafenomen og gjere greie for dei med fysiske og dynamiske uttrykk. Dette gjøres delvis med en synoptisk tilnærming.

 Innhald:

GEOF328 tek for seg ei rekkje vêrfenomen som har mindre skala enn synoptiske skala, men større skala enn mikroskalaen. Disse ble sett på i en synoptisk sammenheng og har generelt ein lengdeskala på nokre få hundre meter til fleire hundre kilometer og tidsskala på opp til ein dag. Her finn ein også akselerasjonar i horisontal og vertikal vind som resulterer i store Rossbytal og tilhøve som gjer at ein ikkje kan nytta den hydrostatiske tilnærminga og kvasigeostrofisk teori. Kursmaterialet inneheld stoff om frontar, land-sjøbris, gravitasjonsbølgjer, hydraulisk teori, sirkulasjon knytta til orografi, fjell- og dalvind og konvektive vêrsystem. Emnet legg stor vekt på konseptuelle modellar og matematiske utleiingar for å beskrive observerte vêrsystem.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har lært å definere og karakterisere mesoskalafenomen
  • har oppnådd forståing av dei fysiske og dynamiske mekanismane som driv mesoskalafenomen
  • har lært nye løysingsteknikkar for atmosfæriske og fysiske problem

 Ferdigheiter

Studenten

  • kan skrive maskinkode for å løyse numeriske problem og til å visualisere resultata
  • kan utleie analytiske løysingar på mesoskalaproblem
  • kan presentere og forsvare vitskaplege resultat for ei gruppe
  • kan tolke mesoskala vêr i ein synoptisk samanheng

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utvikle idear for analytiske og (til ei viss grad) numeriske løysingar for eit problem
  • kan formulere problem innanfor eit fysisk og matematisk rammeverk
  • kan presentere og forsvare eigne idear for ei gruppe

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi, bachelorgrad i atmosfære, klima, eller havfysikk, eller tilsvarande, inkludert GEOF213 og GEOF220

Tilrådde forkunnskapar

GEOF311 / GEOF310.

Studiepoengsreduksjon

GEOF325: 5 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt  i form av: 2 forelesingar á 2 timar pr. veke 1 rekneøvingar á 2 timar pr. veke. Emnet innheld også studentpresentasjon av vitskaplege artiklar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Regelmessig oppmøte i undervisning og øvelser

- Presentasjon av minst tre egne løsninger i øvelsene

Gyldig i to semester: Inneværende og påfølgende semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg midtvegseksamen, utgjer 20 % av sluttkarakteren og må vere gjennomført. Gyldig i to semester.
  • Presentasjon av ein vitskapleg artikkel relevant for emnet, tel 10 % av sluttkarakteren og må vere gjennomført. Gyldig i to semester.
  • Munnleg eksamen 45 minuttar, utgjer 70 % av karakteren og må vere bestått.

Vi reknar saman poengsummer frå delvurderingane for å bestemme sluttkarakter i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning i undervisningsåret er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@gfi.uib.no

studierettleiar@gfi.uib.no

Tlf 55 58 28 93

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Sammensatt vurdering

    Trekkfrist
    01.11.2022
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Skriftleg midtvegseksamen

    • Eksamensdel: Presentasjon