Hjem
Utdanning
Masteremne

Vindgenererte overflatebølgjer

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEOF343
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Annankvar haust, partalsår. Emnet går kun dersom nok studentar melder seg.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Emnet vil formidle ei fysisk forståing av korleis vinden skapar overflatebølger, korleis bølgene vandrar og spreier seg over havet, og korleis dei ender si ferd på land.

Innhald:
Emnet tek opp tema som lineær og ikkje-lineær teori for tyngdebølger på grunt og djupt vatn og teoriar for korleis vinden skapar overflatebølger. Vi vil lese om korleis ein måler bølger og vi vil lære å handsame bølgedata. Vi vil drøfte dei statistiske verktøya til å tolke bølgedata, og vi vil høyre om modellar for bølgevarsling. Obligatoriske delar av kurset er innleveringsoppgåver og seminar

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten
- veit korleis overflatebølgene vandrar og spreier seg på djupt og grunt vatn
- veit korleis dei blir danna, korleis dei verkar på kvarandre og korleis dei dempast

Ferdigheiter

Studenten
- beherskar statistiske metodar til å handsame bølgje-observasjonar
- kan greie ut om korleis ein varslar bølgjehøgd

Generell kompetanse

Studenten
- kan greie ut om ulike metodar for bølgjevarsling, numeriske og manuelle
- forstår resultata som kjem ut av ein numerisk modell for bølgjevarslinga

Krav til forkunnskapar

Bachelor i klima-, atmosfære- og havfysikk (kalt bachelor i meteorologi og oseanografi inntil haust 2017), eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

GEOF310, GEOF330 eller GEOF339 og GEOF346 eller GEOF331

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav til emnet.
http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og seminar
Førelesningar/ 4 timar pr. veke i 15 veker
Seminar vert avtala, og finn stad i timar då det elles ville vore førelesning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Øvingar og seminar (Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Pensumbok og førelesningsnotat

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon