Hjem
Utdanning
Masteremne

Fjernmålingsteknikkar i meteorologi og oseanografi

Undervisningssemester

Haust, emnet går kun dersom nok studentar melder seg.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål
Målet for emnet er at studentane skal få ei utdjupande forståing av korleis ulike fjernmålingsteknikkar blir brukt i meteorologi og oseanografi, då særleg med vekt på observasjonar frå satellittar.

Innhald
Det blir gått gjennom korleis måling av elektromagnetisk stråling blir brukt til å bestemme overflatetemperatur og ein del meteorologiske storleikar i atmosfæren, og vind, bølgjer, straum og sjøis på havoverflata. Grunnleggande teori for slike kvantitative målingar blir behandla, med spesiell vekt på forståinga av samspelet mellom den elektromagnetiske strålinga og overflata og problem som oppstår ved transport av signala gjennom atmosfæren. Forutan å legge vekt på å få fram skilnaden mellom å måle overflateeigenskapar og profil i atmosfæren, blir det fokusert på ei forståing av kva for spektralområde som er nytta for å måle dei ulike meteorologiske og oseanografiske parametrane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten
* har god forståing av ulike fjernmålingsteknikkar som blir brukt i meteorologi og oseanografi, og kjenne til styrkane og avgrensingane til teknikkane
* har kunnskap om kva problem som oppstår ved transport av elektromagnetisk stråling gjennom atmosfæren, og ha ei god forståing av vekselverknad mellom strålinga og overflata
* har kunnskap om skilnaden mellom målingar av overflateeigenskapar og målingar av profil av ulike meteorologiske parametrar i atmosfæren
* har kunnskap om kva for spektralområdar som er nytta for å måle dei ulike meteorologiske og oseanografiske parametrane

Ferdigheter

Studenten
* skal kunne forklare ulike fjernmålingsteknikkar som blir brukt i meteorologi og oseanografi, og forklare styrkane og avgrensingane til teknikkane
* skal kunne diskutere kva problem som oppstår ved transport av elektromagnetisk stråling gjennom atmosfæren, og korleis strålinga vekselverkar med overflata
* skal kunne forklare skilnaden mellom målingar av overflateeigenskapar og målingar av profil av ulike meteorologiske parametrar i atmosfæren
* skal kunne forklare kva for spektralområdar som er nytta for å måle dei ulike meteorologiske og oseanografiske parametrane

Generell kompetanse

Studenten
* kan diskutere problem som oppstår ved transport av elektromagnetisk stråling gjennom atmosfæren
* kan diskutere om vekselverknaden mellom strålinga og overflata
* kan bruke kunnskapen om ulike fjernmålingsteknikkar innan meteorologi og oseanografi for å finne relevant informasjon om atmosfæren og overflata sin tilstand
* kan vurdere kva spektralområde som er eigna til målingar av overflateeigenskapar og målingar av profil av ulike meteorologiske parametrar i atmosfærena

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi, bachelor i klima, atmosfære- og havfysikk, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF220 og GEOF310

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav til emnet
http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar i samsvar med oppgitt pensum.

3-4 timar per veke for i alt 12-13 veker

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF333: 5 SP

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast på studieveileder@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon