Avansert klimadynamikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gi teoretisk forståing for klimavariasjonar og -endringar.

Innhald:
Klimaet er styrt av solstråling og samspelet mellom ulike komponentar i klimasystemet. Klimadynamikk er studiet av disse prosessane, og det gir det teoretiske grunnlaget for å forstå variasjonar og endringar i klima. Emnet vil ta for seg samspelet mellom hav, sjøis, land og atmosfære. Også den hydrologiske syklusen, inkludert skyer og viktige tilbakekoplingsmekanismar, vert gjennomgått. Dei leiande teoriane for klimavariabilitet, inkludert El Niño sørleg oscillasjon, den nordatlantiske oscillasjonen, den dekadiske stillehavsoscillasjonen og atlantisk fleirdekadisk variasjon vil bli presenterte. Dette gjeld også klimaekstremer, klimavarsling og framtidige klimaendringar, og korleis klimadynamikk er kritisk for å betra forståinga og redusere den vitskaplege uvissa i desse felta. Studenten vil gjennomføre diagnostisk og mekanistisk analyse, samt nytta klimamodellar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten
- har kunnskap om korleis hav, atmosfære, sjøis og land samhandlar på tidsskala frå ein månad til hundre år
- har forstått dei leiande teoriane for klimavariasjonar
- har eit klima-dynamisk perspektiv på klimaekstremer, klimavarsling og klimaendringar
- har grunnleggande kunnskap om viktige komponentar i klimamodellane

Ferdigheiter

Studenten
- er i stand til å bruke teori til å forklare viktige mønstre for klimavariasjonar og endringar
- er i stand til å diagnostisere verknad på atmosfæren frå hav, sjøis og jordoverflata
- kan gjennomføre eksperimenter med ein forenkla klimamodell

Generell kompetanse

Studenten
- kan diskutere dei viktigaste, vitskaplege uvissene i klimavarsling og -endring
- kan analysere store ordna data
- kan utføra numeriske modelleksperimenter

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Undervisningssemester

Vår. Ved behov og om nok studentar melder seg.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i klima, atmosfære- og havfysikk, eller Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi eller tilsvarende.
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande kompetanse innan klimadynamikk og dataanalyse (GEOF212 eller liknande), kompetanse innan atmosfære- og havdynamikk (GEOF313 eller liknande).
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
2 forelesingar på 2 timar per veke.
2 timar øvingar per veke inkludert vitskapleg programmering, inkludert ei semesteroppgåve.
Forelesingane og øvingane inkluderer jamlege gruppepresentasjonar og -diskusjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dette emnet har eit obligatorisk semesterprosjekt.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i eit påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
- Eit semesterprosjekt tel 30 % av karakteren
- Munnleg eksamen (30 minutt) tel 70 % av karakteren
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@gfi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Geofysisk institutt