Hjem
Utdanning
Masteremne

Avansert atmosfæredynamikk

Undervisningssemester

Haust
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gje ei innføring i avanserte emne innan atmosfæredynamikk og vil innan utvalde felt presentere nye resultat frå forskingsfronten. Studentane skal få ei djupare forståing av atmosfæredynamikk og lære nye teknikkar for å løyse avanserte fysiske problem. Emnet skal på dette viset gje studentane ei forståing av kompleksiteten til atmosfæren og sirkulasjonen i atmosfæren.

Innhald:

Emnet omhandlar avansert atmosfærisk dynamikk basert på dei grunnleggjande likningane. Fenomen som femner frå storskala til mesoskala vil bli studert. Den kvasigeostrofiske kvervlingslikninga vil bli nytta for detaljerte undersøkingar av baroklin ustabilitet. Skilnader mellom modellane til Eady, Charney og Phillips vil bli diskutert, inkludert relevansen til reell, atmosfærisk straum. Emnet vil utvide konseptet med potensiell kvervling og diskutere fenomen frå synoptisk til mesoskala ved hjelp av potensiell kvervling. Konseptet med vekselverknaden mellom kvervling og middelstraum og brytande bølgjer vil bli introdusert saman med Eliassen-Palm-fluksen. I forlenginga av dette vil vertikal og horisontal forplanting av Rossby-bølgjer også bli studert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal
- forstå bruken av potensiell kvervling til diagnostisering og tolking av atmosfærisk straum og instabilitetar i atmosfæren
- ha lært grunnleggjande teori bak samspelet mellom bølgjer og middelstraum, brytande bølgjer i atmosfæren og Eliassen-Palm-fluksen
- vere i stand til å skildre og diskutere ulike typar baroklin instabilitet ved hjelp av kvasigeostrofisk teori

Ferdigheiter

Studenten
- skal vere i stand til å utleie og nytte dispersjonsrelasjonar for tyngde- og plantæriske bølgjer
- skal kunne formulere og løyse avanserte kvasi-geostrofiske problem
- skal meistre å programmere løysingar av numeriske problem og visualisere resultata
- skal kunne presentere og forsvare vitskaplege resultat i plenum

Generell kompetanse

Studenten
- skal kunne utvikle teoriar for analytiske og til ei viss grad numeriske løysingar av dynamiske problem
- skal kunne formulere problem i eit fysisk og matematisk rammeverk, dvs. ved å kunne resonnere fysisk og formulere problemet matematisk
- skal kunne presentere og argumentere for eigne idear overfor ei gruppe

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi, bachelor i klima, atmosfære- og havfysikk, eller tilsvarande og GEOF110, GEOF213, eller tilsvarende.

Studiepoengsreduksjon

GEOF330: 5 sp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar med diskusjonar og som gruppeøvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig oppmøte på forelesningar og rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar og vitskapelege artiklar. Må ha deltatt på midtvegseksamen, skriftleg og gjennomført studentpresentasjon for å gå opp til eksamen. (Gyldig i to semester, inkludert semesteret dei er godkjent.)

Vurderingsformer

  • Skriftlig midtvegseksamen tel 20 % av sluttkarakteren
  • Studentpresentasjon tel 20 % av sluttkarakteren
  • Munnleg eksamen, 45 minutt, tel 60 prosent og må vere bestått

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01. juni for haustsemesteret og 01. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@gfi.uib.no

Eksamensinformasjon