Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Ekskursjoner og øvelser i geologi

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen og feltundervisning i Hordaland

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje ei praktisk innføring i faget geologi, basert på det teoretiske grunnlaget som vert undervist i GEOV101. Emnet skal formidla forståinga for planeten jorda som eit komplekst system med grunnstoff, mineral, bergartar, samt ytre og indre prosessar som virkar og har verka for å forma jorda og dei ulike landformene.

Innhald:
Kurset består av praktiske øvingar, ekskursjon (4 dager) og feltkurs (4 dager). Øvingane tek for seg skildring og klassifikasjon av dei vanlegaste minerala, bergartane, fossila og jordartane, samt tolking av topografiske og geologiske kart. Ekskursjonen tek opp tema som sedimentær, magmatisk og metamorf geologi, observasjonsinnhenting, bruk av krysskuttende relasjonar og inklusjonar for å dedusere ei geologisk historie, glasiasjons- og klimahistorie og havnivåendringar. Feltkurset te for seg praktisk innsamling av geologiske data og observasjonar, feltmetodikk, bruk av fundamentale geologiske feltverktøy (kompass, hammer, feltdagbok), tolkning av observasjonar, samt sjølvstendig geologisk feltarbeid (under vegleiing) i felt.

Læringsutbyte

Kunnskapar
Studenten kan

  • forklara geologiske observasjonar og tolkingar frå ekskursjonar og feltøvingar
  • forklara geologiske prosessar basert på eksempl frå praktiske øvingar og demonstrasjonar
  • definera, klassifisera og skildra dei vanlegaste sedimenta og bergartane
  • diskutera danninga av dei vanlegaste sedimenta og bergartane
  • diskutera ei geologisk historie på bakgrunn av geologisk informasjon (f. eks. rekonstruera hendingar ut frå eit geologisk kartbilde eller feltobservasjonar)

Dugleik
Studenten kan

  • tolka (lesa og nytte gjera seg av) topografiske og geologiske kart
  • konstruera geologiske profil basert på geologiske kart
  • gjennomføra innsamling av observasjonar og data i felt
  • måla orienteringa på geologiske plan og lineasjonar ved bruk av kompass
  • gjennomføra enkle søk etter relevant geovitenskapleg litteratur, samt nytta korrekt littertur tilvising

Generell kompetanse
Studenten kan

  • anvenda eit presist geologisk fagspråk til å skildra og diskutera geologiske prosessar og hendingar
  • demonstrera evna til å fungera individuelt, i samarbeid og med andre
  • gjennomføra feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEOV101 (kan leses parallelt) eller tilsvarende

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av praktiske øvelser, ekskursjon og feltkurs.

Praktiske øvelser, 4 timer i veka i 10 veker.

Ekskursjon, 4 dager i veka i 1 veke.

Feltkurs, 4 dager i veka i 1 veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på øvingar og innlevering av oppgåver.

Deltaking på ekskursjon og innlevering av ekskursjonsrapport.

Deltaking på feltkurs og innlevering av feltkursrapport.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen. Digital eksamen, se http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter. Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med fakultetet sine reglar.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Graden A er best mogleg karakter, medan F er stryk.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOL102

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no

Tlf 55 58 34 96

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Trekkfrist
    06.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen