Innføring i mineralogi og petrografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Mineral er byggesteinane i jorda sine materialar, og ei grunnleggjande forståing av deira eigenskaper er viktig for mange felt innan geofag. Dette kurset har som mål å gje kunnskap om dei strukturelle, kjemiske og fysiske eigenskapane til mineral, lære å identifisere dei vanlegaste bergartsdannande mineral og vise korleis mineral dannar vulkanske og metamorfe bergarter.

Innhald:
Den første delen av emnet omfattar grunnleggjande prinsipp i mineralogi, som inkluderer ein gjennomgang av dei kjemiske elementa som mineral består av, kjemiske bindingar og krystallstrukturer, krystallografi og krystallvekst. Viktige mineralogiske prinsipp som polymorfose, isostrukturelle mineraler, fast blandbarheit, avblanding og fasediagram blir gjennomgått. I tillegg blir dei fysiske eigenskapane til mineral forklart og identifikasjonsteknikkar ved bruk av mineralprøver, mikroskopi og geokjemiske metodar vert demonstrert. I den andre delen av emnet vert denne grunnleggjande kunnskapen nytta under ei systematisk gjennomgåing av dei forskjellige gruppene av bergartsdannande mineral, deriblant dei forskjellige typane av silikat, karbonat, sulfat, oksid, sulfid, halogenid og elementære mineraler. Det er også forklart korleis kjemiske og fysiske eigenskapar til bergartsdannande mineral er viktig for danninga av vulkanske og metamorfe bergarter, og korleis ein kan klassifisere desse bergartane basert på deira mineralinnhald og teksturar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan

  • forklare korleis eigenskapane til kjemiske element og deira bindingar bestemmer strukturen og samansetjinga av mineral (f. eks. tett pakking, koordinasjonstall)
  • demonstrere korleis den indre strukturen av mineral påverkar den ytre struktur og fysikalske eigenskaper av et mineral (f. eks. krystallsymmetri, krystallform)
  • forklare dei mineralogiske uttrykka polymorfisme, isostrukturelle mineraler, fast blandbarheit og avblanding
  • diskutere kva for mineralidentifikasjonsmetode som er passande for eit mineralogisk problem (f. eks. polarisasjonsmikroskop, røntgendiffraksjon, elektronmikrosonde)
  • gjenkjenne og beskrive de grunnleggjande eigenskapane og kjemien til vanlige bergartsdannande mineral
  • orklare mineralogisk variasjon i magmatiske og metamorfe bergarter

Ferdigheiter
Studenten kan

  • beskrive krystall plan og retningar ved hjelp Miller indekser
  • tolke enkle fasediagram relevant for stabiliteten av mineral
  • berekne enkle mineralformlar fra geokjemiske analyser
  • identifisere og beskrive dei vanlegaste bergartsdannande mineral i handprøver
  • klassifisere magmatiske og metamorfe bergarter basert på feltklassifisering

Generell kompetanse
Studenten kan

  • formulere si forståing av eit vitskapleg emne i et kort essay
  • presentere eit vitskapeleg tema på en klar og strukturert måte
  • samarbeide med andre under øvingar på ein konstruktiv måte

Undervisningssemester

Haust

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Tilrådde forkunnskapar

 KJEM110 og KJEM120, kan leses parallelt

 

Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOL103
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesning, 2 timer i veka i 14 veker.

Laboratoriearbeid, 2 timer i veka i 8 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Øvingar.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt 3 semester, inkludert semesteret dei først vart godkjende.

Vurderingsformer

Midtveiseksamen (2 timar), utgjer 20% av karakteren

Mineral-identifikasjonsprøve (2 timar), utgjer 20% av karakteren

Skriftleg eksamen (4 timar), utgjer 60% av karakteren.

OBS! Digital eksamen, for mer informasjon se: www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter

Tillatne hjelpemiddel på skriftleg eksamen: Enkel kalkulator, i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær skriftlig eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.