Innføring i sedimentologi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGEOV107
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen og Nijar, Spania
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i sedimentologi og sedimentologiske metodar.
Kurset starter med ei oversikt over forvitringsprosessar og deira betydning for korleis sediment og sedimentære bergartar vert danna. Sedimenttransport- og avsettingsprosessar samt sedimentære teksturar og strukturar vert diskutert. Vidare vert mineralsammensetting, klassifikasjon og danning av dei viktigaste sedimenttypane gjennomgått. Det vert gitt ei oversikt over sedimentære avsettingsmiljø og sedimentære basseng.
I øvingane blir danning av sediment og skildring og tolking av sediment, sedimentære bergartar og strukturar gjennomgått.
I løpet av semesteret blir det eit 6-dagers feltkurs i sør-Spania der ein får ei innføring i sedimentologiske feltmetodar og avsetjingar frå forskjellige sedimentære miljø og deira forhold til klima, havnivåendringar og bassengutvikling.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare kva eit sedimentbasseng er for noko
- forklare forskjellen på fysisk og kjemisk vitring
- forklare samanhengen mellom vitring, erosjon og sedimentsamansetjing
- skal ha kjennskap til viktige prinsipp i væskedynamikk som er relevant for sedimenttransport og avsetjing
- forklare danninga av dei forskjellige sedimentære strukturane
- forklare korleis sediment blir til sedimentære bergartar
- forklare forskjellane i danning av silisiklastiske sediment og karbonatsediment
- forklare forskjellane i diagenesen av silisiklastiske sediment og karbonatsediment
- forklare danninga av forskjellige karbonatavsetjinger
- forklare danninga av forskjellige evaporittavsetjinger
- forklare danninga av leirsteinar, sandsteinar og konglomerat
Ferdigheiter
Studenten kan
- nytte eit presist geologisk fagspråk til å skildre og diskutere sedimentære strukturar, teksturar og prosessar
- identifisere hovudtypane av sedimentære bergartar slik som leirsteinar, sandsteinar, konglomerat, kalksteinar, og evaporittar.
- tolke prosessane som førte til danning av desse basert på bergarten si samansetting og sedimentære strukturar
- identifisere miljøet (kontinentalt, grunnmarint, dypmarint) sedimenta blei avsette i
- forklare kva slags sedimentære bergartar som er karakteristiske i forskjellige typar sedimentasjonsbasseng
Generell kompetanse
Studenten
- får eit grunnlag for vidare studiar i sedimentologi og sekvensstratigrafi
- kan gjennomføre feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningsliner
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOL107
Krav til studierett
Ved oppstart på emnet er det krav om studierett knytt til bachelorprogrammet i geovitskap, ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar: 2 timar pr. veke i 13 veker
Praktiske øvingar: 2 timar pr. veke i 11 veker over fylgjande tema: Vitring, sedimentære teksturar, sedimentære strukturar, klassifikasjon av sandsteinar, karbonatar, bruk av logg, tolking av avsettingsmiljø
Fortløpande tilbakemelding på innleverte øvingar
Feltkurs: 1 veke sør i Spania med følgjande presentasjon av oppgitt emne.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på feltkurset i Spania
Godkjende innleveringer (9) i samband med dei praktiske øvingane
Godkjent presentasjon over oppgitt tema relatert til feltkurset.
Godkjende obligatoriske deler er gyldige i tre semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen - 4 timar
Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator I samsvar med fakultetet sine reglar.
Digital eksamen, se http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap
E-post: studiekonsulent@geo.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Mappeevaluering + skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 24.02.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 10.02.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 3. etg.